På post i Afghanistan

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I november i fjor reiste den unge vatsbuen til Afghanistan for å tenestegjera i den norske stabiliseringsstyrken (PRT) i Meymaneh i Faryab-provinsen. Interessa for forsvaret og arbeidet som vart gjort i det hardt prøvde landet, hadde han hatt allereie sidan 14-årsalderen, og då fagbrevet som anleggsmaskinførar var på plass, starta han førstegongstenesta i Stormeskadron 4 på Setermoen i Troms.

– Eg kjem frå bygda der alt eigentleg er ganske A4. Anten er det arbeid innan olje eller anlegg, men eg søkte meir spenning, seier Jarle, og meiner det å vera på skytebanen og å driva med førebuing til krig i skogen, passa til hans interesse for jakt og friluftsliv.

Èin av fem
Jarle var ein av soldatane som vart spurt då lagføraren hans hadde fått ei stilling som lagførar i Afghanistan, og skulle plukka ut fem soldatar til eit infanterilag. Som førebuing til oppdraget tok soldatane lastebillappen og våpenkurs, og fekk meir spesifikk trening i bruk av nødvendig utstyr. Før utreise måtte dei også bestå ei avsluttande øving, og Jarle seier han kjente seg godt førebudd på kva som venta i Sentral-Asia.

– Heime var det mykje snakk om Afghanistan og kva eg tenkte. Verken familie eller venner likte at eg skulle reisa, men eg tok eit val som også inneber at det er ein risiko for at eg ikkje kjem heim att, seier han.

Skotveksling
Det har gått tre og ein halv månad sidan han kom til den norske leiren i Meymaneh, og PRT-soldaten er berre i Noreg ein liten snartur. I løpet av veka skal han tilbake. Frå sofaen i barndomsheimen i Vats fortel han at troppen hans har vore i skotveksling.

LES OGSÅ: Oppdrag: mislukka

– Eg fekk kjenna det på kroppen, og det var ganske bisart. Opprørarar skaut direkte på oss, seier han, og fortel at skotvekslinga gjekk for seg oppimot ein time.

– Det enda bra for oss, ingen vart skadde. Korleis det gjekk med dei andre, veit me ikkje.

Jarle seier han trur folk flest ikkje veit så mykje om kva NATO-soldatane gjer i Afghanistan.

– Medan det tidlegare var meir offensivt, er me no meir støtte og mentorar for dei afghanske styrkane. Det er dei som avgjer og skal ta over sjølv, forklarer han.

Sikrar landsbyar
I arbeidet inngår til dømes rydding av vegbomber og eksplosivar, eskortering av folk inn og ut av leiren, sikring av høgdedrag og stridsjobbar på bakken.

– Korleis er ein vanleg dag?

– Før me køyrer ut til operasjonsområdet, går me gjennom alt, deriblant fiende- og vegbombesituasjonen, seier Jarle.

LES OGSÅ: – Vi har stilt altfor få kritiske spørsmål til USA

Han fortel at dei norske soldatane sikrar landsbyar, medan dei afghanske styrkane går inn. PRT-soldatane kan liggja fleire timar i stilling og observera landsbyar, folk og trafikk.

– Smell det, blir me verande for å signalisera at me ikkje aksepterer det, fortel han. Sjølv er han overtydd om at arbeidet som blir gjort er viktig, og at det hjelper.

I leiren, der det er både norske og latviske soldatar, blir tida brukt til trening og avslapping. Jarle seier at no som det byrjar å bli varmare, ventar dei at Taliban kjem til å bli meir aktive, noko som truleg vil føra til fleire operasjonar.

Den unge soldaten er tydeleg på at han er i krig.

– I Noreg kallar politikarane det me driv med for ein fredsbevarande prosess. Det tykkjer eg er merkelig. Me er ute i krig mot terror. Når folk skyt på deg og du på dei, kjennest det som krig.

LES OGSÅ: Vil visa kjekk kvardag i Kabul

Mindre egoistisk
Vatsbuen meiner tida i forsvaret har gjort han meir vaksen, gitt han meir livserfaring og fått han til å bli mindre egoistisk.

– I Forsvaret kan ein ikkje berre tenkja på seg sjølv, der er det laget som gjeld og ein er avhengig av kvarandre. For andre er det nok vanskeleg å skjøna kvifor me gjer den jobben me gjer.

21-åringen medgir at han har tenkt på at etterreaksjonar kan dukka opp, og at han på eit eller anna tidspunkt nok vil kjenna på kva han har vore med på.

– Eg prøver å tenkja at jobb er jobb, så handlar det om kva eg gjer det til sjølv. Då eg var i førstegongstenesta mista eg far min i kreft. Ein kjem ikkje gjennom livet utan å møta motgang.

Til sommaren er seks månader i Afghanistan over. Kva han skal gjera då er han ikkje sikker på.

LES OGSÅ: Politiskulen 2

– Eg har fått tilbod om å halda fram i Forsvaret, men det kan henda eg søkjer om plass ved Politihøgskulen

LES SAKA I GRANNAR!