– Vi har stilt altfor få kritiske spørsmål til USA

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Korkje Noreg eller andre europearar har prøvd å tvinga fram ein skikkeleg debatt om strategien i Afghanistan, seier Kai Eide. Nyleg kom han med bok om tida som FNs spesialutsending i landet.

I boka er Eide tydeleg om kva han meiner om utviklinga i landet. Det er ikkje noka vanleg, slapp minnebok. Midt mellom to jobbar, på veg tilbake til Utanriksdepartementet, står Eide noko friare enn han elles ville vore.

Lite dialog
– Har Noreg vore ein pådrivar for ein annan strategi opp gjennom åra? Eg har knapt sett norsk offisiell kritikk av USAs og Natos strategi i Afghanistan.

– Det har diverre vore altfor lite dialog mellom Europa og USA – sjølv i dei lukka romma.

– Sjølv i lukka rom?
– Ja, eg har sjølv sete der. Men i Nato har vi ein tendens til å stilla altfor få kritiske spørsmål.

– Du kunne ha stilt dei?

– Ja, heilt klart, men størstedelen av den tida eg sat i Nato-delegasjonen, representerte eg ei regjering (Bondevik II-regjeringa med Jan Petersen som utanriksminister og Kristin Krohn Devold som forsvarsminister, red.merk.) som ikkje var innstilt på kritikk av USA. Frykta for å fornærma supermakta USA er stor internt i Nato.

– Seinast i fjor, då Obama vedtok uttrekkingsstrategien, vart det gjort etter ein lukka, intern amerikansk debatt der det ikkje vart invitert til innspel. Amerikanarane har heile tida fastsett strategien sjølve i denne krigen – og vi har følgt etter. Diverre har heller ikkje Noreg og europearane prøvd nok for å tvinga fram ein skikkeleg debatt om strategien i Afghanistan.

– Men verst er den amerikanske haldninga for afghanarane. Eg fekk ein SMS frå ein afghansk tenestemann i Washington som inneheldt eitt ord: nykolonialisme. Og det var etter at Obama kom til makta.

Pessimistisk
I januar 2010 sa Kai Eide at dersom ikkje den negative utviklinga i Afghanistan vart snudd det komande året, kan det vera for seint. «Hvor ofte har jeg ikke hørt at nederlag ikke er en opsjon. Slike besvergelser kommer man med i politikken. Virkeligheten er annerledes. Nederlag er en mulighet», skriv Eide i boka. No er året snart omme.

­– Trur du at vi kan koma ut av denne krigen på ein positiv måte?

– Det er mogeleg, men svært krevjande. Eg vert meir og meir pessimistisk. Vi må no innsjå at eit Nato-nederlag er ein mogeleg utgang av denne konflikten. Skal vi kunna snu utviklinga, må det verta klinkande klart for alle at krigen ikkje kan vinnast militært, men gjennom ein stor sivil innsats.

Obamas mistak
– Kva skal til for å lukkast i Afghanistan?

– Fyrst må alle innsjå at ein militær siger ikkje er mogeleg. Så må det til ei semje mellom dei ulike etniske gruppene i landet om ein forsoningspolitikk slik at vi kan unngå ny strid mellom ulike folkegrupper. Deretter må alle skjøna at ein dialogprosess vil ta tid og vera svært krevjande. Det finst ingen kjappe løysingar. Og alle partar er sårbare – både dialogorienterte opprørarar og afghanske styresmakter.

– Dette rimar lite med president Obamas lovnad om å starta tilbaketrekkinga alt i juni neste år?

– Obamas tidsfrist har vore eit stort mistak. Denne krigen kan ikkje styrast av omsyn til det amerikanske presidentvalet i USA i 2012. Obamas timeplan har berre skapt nervøsitet i den afghanske regjeringa, gjeve næring til opprørsrørsla og forsterka debatten om tilbaketrekking i alle landa som deltek i krigen.

– Trur du Taliban ligg på vêret og ventar på juni 2010?

– Eg fryktar det, i den forstand at dei vonar på ei vestleg tilbaketrekking.

Manglande strategi
– Kva er den største tabben vi har gjort i denne krigen?

– At vi ikkje skjøna kva som skjedde i landet frå 2004 og ut­­over. Då eg var i Afghanistan i september 2003, kunne eg spasera roleg i gatene i Kabul. Men alt då var opprørarane i ferd med å veksa seg sterke. Likevel gjekk det fleire år utan at Nato hadde ein skikkeleg strategi for å møta utviklinga. USAs merksemd var retta mot Irak, og vi satsa for mykje på at militære styrkar skulle løysa problemet.

FØLG MED PÅ SISTE UTANRIKSNYTT!

– Òg enno ser ein mangel på realitetssans. Natos øvstkommanderande sa seinast på Natos forsvarsministermøte i Istanbul i februar i år: «Vi driv no Taliban på flukt». Det vitnar om dårleg kontakt med det som skjer på bakken.

– Eg las i sommar ein rapport om at dei afghanske politistyrkane enno er i svært dårleg forfatning?

– Ja, opplæringa er altfor dårleg. Dette er eit stort problem. Nye politifolk vert i praksis kasta rett ut i kampliknande situasjonar. Politiet i Afghani­stan liknar meir på militsar enn på vanleg politi slik vi kjenner det her. Og mange vert drepne – godt over tusen per år – i tillegg deserterer svært mange.

Komisk
– Invasjonen av byen Marja i vår skulle vera ein test på korleis ein kunne skapa godt styresett i landet – nærast som ei pakkeløysing?

– Dei fleste har no skjøna kor komisk det heile var. Marja er eit godt døme på korleis vi ynskjer å finna fikse og raske løysingar. Å byggja opp sivile institusjonar tek lang tid, likevel har vi knapt hatt nokon plan i det heile. Vi har lært litt no i Kandahar, men vi har framleis ein strategi som ikkje passar i Afghanistan. Militær eskalering hjelper ikkje – det gjev oss berre kortsiktige sigrar.

LES SAKA HJÅ DAG OG TID!

Kva meiner du om krigen i Afghanistan? Er det på tide å trekkja seg ut? Eller er det best å vera der?