Vil visa kjekk kvardag i Kabul

Ungdommar gjev eit unikt innblikk i kvardagslivet i den afghanske hovudstaden. Sjå videobreva her!

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 16.03.2021 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nargis (18) prøver ein eyeliner i eit prøverom på eit kjøpesenter i Kabul.

– Ja, det ser bra ut, seier Sadaf (19), frå bak kameraet.

– Tenk om eg skadar meg no, fleipar Nargis.

Mens dei store tvstasjonane følgjer ISAF-styrkane i Afghanistan, får me eit sjeldan innblikk i kvardagen til afghanske ungdommar i Kabulkorta. I samarbeid med journalist Anders Sømme Hammer har Global Video Letters utstyrt ungdommar i Kabul med kamera og gjeve dei opplæring.

– Workshopane starta no i sommar, og pågår enno. Me samlar inn og redigerer material fortløpande. Deltakarane kjem sjølv med innspel om scener dei likar og scener dei ikkje vil vi skal ta med. Deretter prøver vi å følgje dei kvar dei går, til dømes ein gåtur frå restaurant til skreddar, fortel Christoffer Næss frå Globale Video Letters.

Vil visa gode sider av kvardagslivet
– I Afghanistan, som i andre konfliktområde, er det vanskeleg for journalistar å få tilgang. Dette er fordi det er stor risiko å gå ut og møta vanlege menneske og snakka med dei. Dette fører til at mange journalistar får vern av soldatar, noko som medfører at ein får soldatane si historie, meir enn historiene til sivilbefolkninga.

– Me ønskjer å koma nærmare kvardagen til afghanarane.

– Veldig tidleg i workshopane uttrykte ungdommane at dei ikkje berre ville visa dei negative sidene av Kabul. Dette hadde me sett nok av frå før av. Dei ville visa positive sider, fordi dei har håp og tru på at Afghanistan kan bli betre i framtida. Og fordi dei har det morosamt av og til, og gode dagar som mange andre.

Artikkelen held fram under videoen!

Unge historier verda rundt
Christoffer Næss starta Global Video Letters som eit masterprosjekt ved New School University i New York hausten 2009.

– Ideen var og er å undervise ungdom i nytta av enkle videokamera og dokumentarfilm i område der det er spesielt vanskeleg å uttrykkje seg, fortel han til Framtida.no.

Videomaterialet blir redigert til eit videobrev som dei legg ut på heimesida deira og sendt til tidlegare deltakarar av videoworkshopane deira.

LES OGSÅ: – Vi har stilt altfor få kritiske spørsmål til USA

– Dei unge som har delteke workshopane våre kjem difor i kontakt med andre ungdomar i andre stader av verda, og dei blir ofte vener på Facebook, blant anna gjennom Facebook sida vår. Dette meiner vi styrkjer kulturell forståing blant ungdom over landegrenser, og dessutan at det styrkjer deltakarane på individnivå gjennom å kunne uttrykkje seg og bli høyrt – både under og etter workshopane. Me meiner at kommunikasjon og ytringsfridom er fredsbevarande. Arbeidet me gjer byggjer difor på dette.

– Det er veldig spennande å jobbe med ungdomar i ulike stader av verda. Det som er mest overraskande er kor like interesser, gleder og bekymringar dei dela. No for tida er ungdom over heile verda mykje oppteke av sosiale medium som vi meiner er bra for auka kommunikasjon og forståing over geografiske, og dessutan kulturelle grenser, avsluttar Christoffer Næss.

Andre Kabulkortet her:

Sjå dei andre Kabulkorta her!

Faktaboks

Global Video Letters arbeider for å styrkja unge si stilling gjennom å la dei bruka film til å uttrykkja seg, laga kunst og arbeida for menneskerettar og sosial inkludering.

Gå til heimesida til Global Video Letters!

Gå til Afghanistanbloggen!