Mette Hanekamhaug frå Frp vil ha meir fysisk aktivitet i skulen, og får støtte frå SV.

mm

– Vi må auke fysisk aktivitet i skulen for å gje elevane betre læringsgrunnlag og for å førebyggje eventuelle andre livsstilssjukdomar i seinare tid, seier Mette Hanekamhaug, stortingsrepresentant for Frp.

Ho vil ikkje kommandere folk til å bli meir fysisk aktive, men meiner vi kan leggje høva til rette for dette, og at ein time med fysisk aktivitet i skulen er eit stort steg i rett retning. Hanekamhaug jobbar no med eit representantforslag for å få elevar til å røre meir på seg.

60 minutt med fysisk aktivitet
– Hovudfokus er at skulane skal ha som mål å organisere 1 time fysisk aktivitet i skulen. Skulane står fritt til å organisere dette som dei vil, både med tanke på ei eventuell oppdeling i to halvtimar for eksempel og tidspunkt. Forslaget skal basere seg på dette. FrP har lenge vore for skulemat, men om dette blir gjeve på skulen eller det blir lagt opp til nistepakke heimefrå som skal etast i fellesskap er eit tema forslaget ikkje tek for seg, seier ho til Framtida.

– Vi ønskjer å styrkje autonomien til skulane, slik at det er dei sjølve som organiserar fysisk aktivitet etter kva som passar deira kvardag og elevmasse. «Uteplikt», eller at klasseromma blir låst og elevane må vere ute og røre på seg, er eit av fleire forslag vi har som skulane kan vurdere for å få til dette med auka fysisk aktivitet, avsluttar ho.

Forsking støttar Frp
All forsking syner at det er ei klar samanheng mellom fysisk aktivitet og evna til å lære. Aktiviteten bør ikkje vere ein del av kroppsøvingsfaget med karakter, slik at det heller ikkje blir eigne kompetansekrav til personen som leier aktiviteten, skriv Frp på nettsida si, og blir støtta av Den Norske Legeforening.

Støtte frå SV
Geir-Ketil Hansen frå SV støttar langt på veg opp om forslaget frå Hanekamhaug.

– Eg har vore i fleire VGS-kantiner, og her må det krafttak til. Bort med Cola-automatar og inn med ferskvatn. Det er stor grunn til å uroe seg over passiviteten til ungdomen, hevdar Geir Ketil Hansen til Dagsavisen fredag.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

LES OGSÅ

ANNONSE