Skal elevar tilsetje læraren sin?

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevar kan bidra i tilsetjingar av lærarar og skulepersonell. Barneombodet opplever likevel at det er ytterst få skular som tek med elevar i tilsetjingsprosessar.

– Elevar kan bidra i tilsetjingsprosessar, det er berre for få skular som har tenkt at det er mogleg, seier jurist og seniorrådgjevar Janicke Sæther Olsen hjå Barneombodet.

Artikkel 12 i Barnekonvensjonen gjev alle barn og unge rett til å si si meining i alle saker som gjeld dei.

Elevar har òg rett til å delta i elevråd og samarbeidsutvalet for grunnskulane, skuleutvalet for videregåande og i skulemiljøutvalet for grunnskule og videregåande.

LES OGSÅ: Barneombodet vil sparke rektorar

– Elevar har altså rett til å delta i alle saker som gjeld skulen. Dei skal ikkje ta avgjerder og bestemme, men deira erfaringar og ønskjer skal takast med når leiinga tek avgjerder, meiner Barneombodet.

Skikka til å være lærar?
Tidlegare var det normal praksis at lærarar fekk jobb i skulen utelukkande på bakgrunn av formell kompetanse og ansiennitet. Dei senere åra har det vorte vel så viktig å legge vekt på om søkjaren er skikka til å vere lærar.  

Forsking syner at læraren er den viktigste faktoren for læringa til eleven, og at det er i dei klassane der elevane føler seg sett av læraren at elevane har det beste skulemiljøet og tek til seg mest kunnskap, ifølgje Thomas Nordahl ved Høgskolen i Hedmark og NIFU.

Korleis?
Skulane har ei rekke måtar dei kan involvere elevane på.

Det er ikkje sikkert at det er i intervju elevane skal bidra. Dette er noko som skoleleiinga og elevane saman kan finne ei best mogleg løysing på.

Barneombodet understrekar kor viktig det er å førebue elevar som skal ta del i en slik prosess slik at dei føler seg trygge på oppgåvene dei påtek seg.

Barn og unge i tilsetjingsprosessar
Det irske barneombodet vart for nokre år sidan veld ved hjelp av barn og unge. Dei har dokumentert prosessen svært detaljert her og gjort han tilgjengeleg. Barneombodet i Noreg ønskar og at barn skal få vere med å velje nytt ombod.

Barneministeren har bestemt at åtte barn mellom 13 og 17 år skal vere med på å lage stillingsutlysing for nytt barneombod, og dei skal òg vere med på å intervjue kandidatar.

LES OGSÅ: Klare krav til nytt barneombod

I  Storbritannia har organisasjonen National Children’s Bureau (NCB) laga ein video med erfaringane dei har gjort seg med å bruke ungdom i intervjuprosessen.  

Gode erfaringar hjå Barneombodet
Barneombodet har nytta seg av kompetansen til unge i tilsetjingar ved kontoret deira. Målet for Barneombodet har vore å undersøkje korleis søkjarar klarar seg i høve til ein av Barneombodet sine viktigaste målgrupper, nemleg barn og unge.

Medlemmar frå barneombodets ungdomspanel har vore med på intervju saman med barneombodet og leiinga. Barneombodet har òg prøvd ut ein modell der heile ungdomspanelet har hatt ein samtale med aktuelle kandidatar.

LES OGSÅ: Vil tilsetja lærarar med audition

Reaksjonane frå søkjarane var at ungdommane oppførte seg profesjonelt, at dei var krevjande og venta gode svar og løysingar, og at prosessen var overraskande god.

Vaksne som skal jobbe med barn, må kunne snakke med barn. Det gjeld særleg for lærarar. Dersom elevar deltek ved tilsetjingar av lærarar, vil rektor få uvurderlege opplysinger om søkjarane, meiner Barneombodet.