Rekord i Mållaget

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noregs Mållag opplever ei enorm støtte til nynorsken etter at det vart kjent på tysdag at Utdanningsdirektoratet kjem med framlegg om å kutta ut eigen karakter i sidemål. Den siste veka har over 400 medlemer meldt seg inn i Noregs Mållag. Norsk Målungdom melder om 31 nye medlemmar i løpet av den siste veka.

– Det er veldig stas å få så mykje støtte frå så mange hald i denne saka. At over 400 folk har meldt seg inn i Mållaget, syner at mange meiner eit sterkt Noregs Mållag er viktig, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Aldri før har pågangen vore så stor på éi veke.

– Vi har ein jobb å gjere framover med å sikre ei god og slitesterk sidemålsordning, og eit norskfag lærarane er nøgde med. Til det treng vi både eit sterkt Noregs Mållag og at alle gode krefter arbeider saman, seier Håvard B. Øvregård.
Han fortel at det er SMS-innmeldingstenesta som verkeleg har gått varm siste dagane.

Sist Mållaget opplevde ein slik vekst på eitt døgn var då NRK sende "mållagsepisoden" av programmet Ut i vår hage. Då fekk Norsk Målungdom og Noregs Mållag 40 medlemer på eitt døgn. Mållaget har no om lag 10.700 medlemer. Ved årsskiftet hadde Målungdommen 1056 medlemer totalt, 798 av dei under 26 år.

Sjå brevet frå Utdanningsdirektoratet som utløyste sidemålsdebatten!

Sjå første del av Ut i vår hage-episoden her: