– Målfolk får panikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei sterke reaksjonane på Utanningsdirektoratets framlegg om å tone ned sidemålet i norskfaget, er typiske, meiner statsvitarprofessoren ved Universitetet i Bergen. Aarebrot meiner det bør vere rom for å diskutere sidemålet i skolen.

– I staden blir det skyttargravskrig, fordi målfolket føler seg forfølgde og får panikk, seier Aarebrot til Aftenposten.

Mindre sidemål
Denne veka vart det kjent at kunnskapsminister Kristin Halvorsen ønskjer å prioritere hovudmålet sterkare i norskundervisninga. Mellom anna vil ho fjerne standpunktkarakteren i sidemål og droppe sidemålseksamen i ungdomsskolen. Det har skapt ilskne reaksjonar i nynorskleiren.

Aarebrot meiner at dei som kjempar for nynorsken heller burde setje søkjelyset på andre saker, for eksempel diskrimineringa av nynorskbrukarar i arbeidslivet. Om arbeidslivet var meir positivt til nynorsk, vart det òg lettare for dei unge å halde på nynorsken som målform, meiner han.

Sterk identifisering
Språkprofessor Arne Torp ved Universitetet i Oslo meiner det høge konfliktnivået heller må forklarast med at nynorsken er slikt eit sterkt identitetsmerke for dei som har hatt nynorsk som skriftspråk i generasjonar.

– For dei er det veldig hardt å svelgje at nynorsk ikkje lenger skal vere eit skriftspråk som alle skal lære. Derfor blir det sverdslag kvar gong denne debatten kjem opp, seier Torp til avisa.

Torp er sjølv ikkje så glad for dei aktuelle forslaga, men trur den sterke nynorskmotstanden i sentrale strok av landet er så sterk at endringane tvingar seg fram.

– Om det ikkje skjer noko no, så kjem debatten til å dukke opp igjen og igjen, seier han og ser ikkje vekk frå at nynorsk i framtida kanskje kan leve vidare som landsdelsspråk for Vestlandet. (©NPK)