Kunnskapsministeren vil tona ned satsinga på sidemål for å styrkja hovudmålet.

NPK-NTB
NPK-NTB
Faktaboks


LES FAKTALUKK FAKTA

SV-statsråden meiner det er urealistisk å krevja at elevane skal vera like gode i hovudmål og sidemål, og ønskjer ein tydelegare og mindre omfattande læreplan, skriv Dagsavisen.

– Eg har fått ei klokkeklar tilbakemelding frå både lærarar og elevar om at norskfaget er blitt altfor omfattande og arbeidskrevjande. Vi kan ikkje halda fram slik det er i dag, seier kunnskapsministeren.

Ny læreplan
Ei eiga arbeidsgruppe er i full gang med å laga eit forslag til ny læreplan i norsk, og Utdanningsdirektoratet har i eit brev til departementet skissert fleire moglege løysingar.

Dei inkluderer at hovudmål skal gjevast større plass og ei tydelegare prioritering. Skriftleg sidemål skal takast vare på på ungdomstrinnet og på studieførebuande linje på vidaregåande.

Samtidig skal talet på standpunktkarakterar i norsk reduserast frå tre til to både i ungdomsskulen og på vidaregåande.

Slepp eigen eksamensdag
Forslaga inkluderer også at elevar på ungdomstrinnet slepp eigen eksamensdag i skriftleg sidemål, medan på vidaregåande vil eksamen i sidemål få ei anna, mindre omfattande form.

Læreplanforslaget skal sendast ut til høyring til hausten, og først i 2013 vil eit forslag kunne bli vedteke.

Noregs Mållag er svært misnøgd med forslaga og minner om at dei tre regjeringspartia gjekk til val på at dei skulle styrkja nynorsken og arbeida for meir likestilling mellom nynorsk og bokmål. (©NPK)

Kva synest du om forslaga til kunnskapsministeren?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.34

Kommentarar

ANNONSE