Uroa for heile norskfaget

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Viss eksamen og standpunktkarakter for sidemål blir fjerna, vil det i praksis ikkje vera mykje igjen av faget. Sidemål må oppretthaldast som eit fullverdig fag, seier partileiar Knut Arild Hareide i ein kommentar til Kristin Halvorsen sine utspel i samband med forslaga om ny læreplan frå Utdanningsdirektoratet.

Vil ha sidemålskarakter
KrF meiner at det enno skal gjevast obligatorisk opplæring i sidemål i grunnskulen. Målet med forslaget skal vere ei styrking av målformene.

– Eg er uroa for at det som blir foreslått likegodt kan bli ei svekking av det totale norskfaget. Det styrkjer ikkje faget å fjerna eksamen og standpunktkarakter for sidemålet, meiner Hareide.

– Skal me ha to sidestilte målformer, må det òg vera eksamen og standpunktkarakterar i begge fag. Regjeringa har sagt at dei ynskjer å satsa på norskfaget. Å ta bort eksamen og standpunktkarakter for sidemål vil vera ei fallitterklæring for språkmangfald og kultur, understrekar Hareide.

Seier klart ifrå
Kunnskapsministeren får også motbør frå Sogn og Fjordane SV.

– Me vil seia klart i frå til kunnskapsminister Kristin Halvorsen at ho må leggja til grunn at norske elevar skal ha høg kompetanse i båe dei norske skriftspråka, og at ho såleis styrkjer norskfaget i skulen i staden for å svekkja krava til kompetanse i norsk språk, seier Hege Lothe, leiar i Sogn og Fjordane SV i ei pressemelding.

Fylkeslaget meiner understrekar at ein ikkje løyser norskfagproblema i vidaregåande skule ved å fjerne sidemålseksamen i ungdomsskulen.

LES OGSÅ: Norsktimar utanom det vanlege

Lothe viser til erfaringar frå mellom anna Holmlia skole i Oslo som syner at det er fullt muleg å lukkast med sidemålsopplæring. Her har kunnskapsrike og fordomsfrie lærarar arbeidd med å auke både lærar- og elevkompetanse i nynorsk.

– Framtidas elevar fortener slike lærarar som dei på Holmlia – som kan faget sitt, som kan lære det bort, og som gjev elevane motivasjon og meistring, seier Hege Lothe.

Ikkje langt nok
Unge Høgre-leiar Henrik Asheim seier til NTB i dag at forslaget er eit steg i rett retning.

– Men me skjønar ikkje kvifor ikkje Halvorsen tek steget fullt ut og gjer sidemålet valfritt. Det er bra at ho tek konsekvensen av det me har sagt lenge, at sidemålet går ut over opplæringa i hovudmålet. Men ho tek ikkje konsekvensen fullt ut, seier Asheim.

LES OGSÅ: Sentraliseringa pressar nynorsk i skulen

Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn tvitra dette om forslaget om å svekkja sidemålet:

– Å svekkja sidemålet er ein særs dårleg idé. Så lenge vi har to målformer fortener elevane like moglegheiter og solid undervisning i begge.

Halvorsen møter òg motstand frå eige ungdomsparti:

– Eg er einig i at vi godt kan gjere endringar i norskfaget, men vi er kritiske til forslag som betyr ei svekking av kompetansen i nynorsk. Eg ventar at både partiorganisasjonen i SV og andre parti gir eit klart signal om at vi ikkje skal fjerne kompetansemålet, seier SU-leiar Olav Magnus Linge til NTB.

Korleis meiner du norskfaget kan bli betre?

Faktaboks