No skal innsats telje i gym

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har lytta til dei faglege råda, som mellom anna peikar på at kroppsøving er i ei særstilling sidan det er eit viktig mål i faget at det òg skal leggje grunnlag for å utvikle ein fysisk aktiv livsstil, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Desse råda har ministeren motteke av ei arbeidsgruppe leia av Idar Lyngstad frå Høgskolen i Nord-Trøndelag sett ned av Utdanningsdirektoratet på oppdrag av Kunnskapsdepartementet. Arbeidsgruppa har teke for seg kroppsøvingsfaget og kartlagd opplærings- og vurderingspraksis samt læreplanen, eksamensordninga for privatistar og korleis ein blir vurdert. Direktoratet har stort sett halde seg til råda frå arbeidsgruppa.

Arbeidsgruppa meiner at innsatsen i faget er så viktig at det bør endrast ved forskrift til ein del av det generelle grunnlaget for vurdering. Med «innsats» meiner arbeidsgruppa mellom anna at eleven prøver å løyse faglege utfordringar utan å gje opp og utfordrar eigen fysisk kapasitet i læringsarbeidet.

Når det gjeld endringar i kompetansemål i læreplanen er fair play trukke inn i større grad. Målet om at faget skal føre til utvikling av ein fysisk aktiv livsstil er sterkare framheva.

Eksamensordninga for privatistar for dårleg

Ordninga for privatistar i dag er ein skriftleg eksamen i den teoretiske delen av faget. Det har vore noko merksemd ikring det at elevar i vidaregåande opplæring melder seg av kroppsøvingsfaget under opplæringa for å ta faget som privatist for å sleppe den praktiske delen. For å hindre dette blir det foreslått at eksamensformen blir endra til ein lokal muntleg-praktisk eksamen.

Forslaget om at innsats skal vere med på å vurdere karakter vil gje størst endring for vidaregåande opplæring der korkje føresetnader eller innsats har vore viktig tidlegare.

For grunnskulen er det òg relevant å ta omsyn til innsatsen og føresetnadene til eleven. Dette kjem av at det føljer av forskrifta at det skal leggast vekt på både oppnådd kompetanse og føresetnadane til eleven. Denne særordninga gjeld berre for kroppsøving. I vidaregåande skule gjeld i dag rein målrelatering i faget på same måte som for andre fag.

Endringane skal etter planen trå i kraft fra 1.8.2012 og vil gjelde frå og med opplæringsåret 2012-2013.

Er du nøgd med endringane i kroppsøvingsfaget? Diskutèr gjerne i kommentarfeltet under!