Så dyrt er det å tene for mykje

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mange tusen studenter har nyleg fått eller vil få beskjed om at de får avkorta stipendet på grunn av for høg inntekt, formue eller trygd. Flesteparten av dei har hatt inntekt over grensa til Lånekassa som i fjor var 136.061 kroner, og mange er ikkje klare over kva denne grensen ligg på.

Tente for mykje
Bedriftsøkonomistudent ved Handelshøyskolen BI, Jan Maurer Klaver, er ein av dei som har jobba for mykje.

– Eg hadde ikkje tenkt å jobba så mykje, men no veit eg at eg er i ferd med å overskrida grensa slik som arbeidstida mi er no, seier Klaver.

Han har sagt ifrå til arbeidsgjevar at han ikkje kan jobba meir i år i frykt for å overskrida grensa.

– Ein kamerat av meg som har barn får rett litt meir i stipend, men det er likevel ikkje nok til å dekkja utgiftene hans og han har allereie mista deler av stipendet på grunn av for mykje jobb.

Sit igjen med lite
Det lønar seg ikkje å tena over inntektsgrensa. Stipendet ditt blir redusert med fem prosent per månad av den inntekta som er over beløpsgrensa. Har du mottatt stipend i ti månader samstundes som du tener 20.000 kroner over inntektsgrensa, vil med andre ord om lag 10.000 kroner bli omgjort frå stipend til lån.

I tillegg betalar du skatt på inntekta di på 25,7 prosent, så netto sit du igjen med ein fjerdedel av kvar krone tent over inntektsgrensa. I 2011 er denne grensa auka til 140.823 kroner.

Informasjonsdirektør i Lånekassen, Solbjørg Sørensen, fortel at dei får ein del spørsmål frå studenter som har fått stipendet redusert.

– Ein del studentar meiner grensa er for låg, og ein del meiner det er urettferdig at ein ikke kan tene så mykje ein vil. Det er ikkje Lånekassen som fastset beløpsgrensene, dette er politisk bestemt, seier Sørensen.

Ho fortel at dei fleste er førebudd på å få stipendet redusert, men at en del kanskje ikkje veit akkurat kva inntektsgrensa ligg på.

LES SAKA I UNIVERSITAS!