Studentar risikerer å spare seg sjuke

Charlotte Josefsen levde to år med muggsopp. Dårleg økonomi og ein trong bustadmarknad gjer studentar spesielt utsett for muggrelaterte sjukdommar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentar risikerer å spare seg sjuke

– Det var lett å sjå at leilegheita var fuktskadd. Det var svarte flekkar på kjøkkenbenken, luft mellom tapeten og skadedyr på badet, fortel Charlotte Josefsen.

I to år budde Josefsen i leilegheita saman med to venninner mens ho studerte på BI.

– Huseigar sa det var fuktskader, og malte over muggsoppen som vaks på det eine rommet. Ingen permanente tiltak blei gjort for å fjerne fukta. Vi fekk berre beskjed om å lufte oftare og bruke ein lufttørkar, seier ho.

Sjukdomsframkallande
Muggsopp oppstår overalt der det er fukt i tre til fire dagar og kan gi allergi, astma, irriterte slimhinner og luftvegsinfeksjonar, opplyser Arve Bang, overlege ved Helsevernetaten.

– Ein kjenner seg rett og slett sjuk, fortel Bang.

Ei konstant eksponering av muggsopp over lengre tid aukar sjansen for permanente plager, og med svært høge mengder kan ein utvikle lungesjukdommar. Ved alvorlige tilfelle kan ein bli innlagt på sjukehus for behandling, sjølv om dei fleste symptoma brukar å forsvinne av seg sjølv når ein ikkje lenger er eksponert for soppen.

Før Josefsen flytta inn i leilegheita var ho allereie plaga av astma og svakt immunforsvar, noko som ikkje blei betre av å leve i ei fuktskadd leilegheit.

– Ein gong blei eg sendt til sjukehuset med bronkitt, og blei fortalt at muggsopp kunne vere ei årsak til sjukdommen.

Få alternativ
22 prosent av nybygg får fuktskader innan eitt år. Bang meiner at dårleg økonomi kombinert med ein stram bustadmarknad gjer studentar spesielt utsett for muggsopp. Innestengt lukt og synlege fuktskadar på veggane som svarte flekker, er ein sterk indikator på at bustaden er angripen av mugg.

– Då bør ein flytte med ein gong, åtvarar han.

Allereie då Josefsen først flytta inn kunne ho sjå at leilegheita var skadd av fukt.

– Eg visste kva eg budde i, men grunnen til at eg blei der i to år var fordi det er vanskeleg å finne ein ny stad å bu, spesielt når eg ikkje jobbar ved sidan av studiane.

LES MEIR: Studentane slit økonomisk

Dårleg bruk
– Mugg og fuktskader er ein mangel i leigeforholdet, seier Anne Mette Hårdnes, advokat i Leieboerforeningen.

Ho fortel at det er huseigaren sitt ansvar å utbetre dette alt etter kva fagfolk meiner er nødvendig, for at muggen ikkje skal kome tilbake. I tilfelle der det er bruken til leigebuaren som har forårsaka skaden, er det leigebuaren som har ansvaret.

Den tidlegare huseigaren til Josefsen meiner at fuktskader ikkje er uvanleg i ein by som Bergen og at skaden i leilegheita hovudsakleg skuldast dårleg bruk av bustaden.

– Det er vanleg at studentar som vil spare straum verken luftar eller varmar opp leilegheita. Kondensfuktighet som ikkje blir lufta ut, er også grobotn for mugg.

LES MEIR: Så mykje får studentane i 2012

I 2010 blei leilegheita gjennomgått av ein fagperson som konkluderte med at det var mugg i det eine rommet, men ikkje for høge målingar av fukt i bustaden. Muggsoppen ble då handtert og det blei kjøpt ein lufttørkar. I sommar blei bustaden renovert, og det blei installert nye ventilar, fortel huseigar.

LES SAKA I STUDVEST (på bokmål)