Språkskifte, ikkje målbyte

30-40 prosent av elevane som startar med nynorsk, går over til bokmål i løpet av skuledagane – kvifor?

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den problemstillinga arbeider Eli Bjørhusdal med på makronivå, i doktorgraden sin ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho ser på  korleis norske styringsdokument tematiserer og problematiserar målbyte, eller språkskifte som ho kallar det.

– Me kan og kalle det språkskifte, når elevar skiftar frå nynorsk til bokmål. Då går dei frå minoritetsspråket til majoritetsspråket, slik somme folk gjer i andre fleirspråkelege land, forklarer Eli.

Forholdet mellom nynorsk og bokmål
Eli les sentrale styringsdokument, som omhandlar opplæring og språk. Der prøver ho å finne ut om forholdet mellom nynorsk og bokmål i opplæringa vert tematisert.

Ho har enno ikkje konkludert kring det ho finn i styringsdokumenta. Men meiner språkskifte har vore lite tematisert og problematisert.  

Meir forsking
Det er mange måtar ein kan studere språkskiftet på. Ein kan gå inn i klasseromma og skulane, eller ein kan gjere som Eli, og sjå på makrostrategiane.

– Vi veit jo at språkskiftet er størst på Austlandet, og i områda rundt dei store byane på Vestlandet. I Sogn er språkskifte minst, det er her nynorsken er mest etablert. Det er og lite språkskifte på det rurale Sunnmøre, på Voss og i Hardanger, fortel Eli.

– Me ser at den språkpolitiske vekta i opplæringsfeltet har vore på sidemål. Skriftspråkskiftet frå nynorsk til bokmål har nok ikkje vorte sett på som så politisk viktig.

Parallellar    
Eli meiner ein bør setje nynorskundervisninga både på nynorsk og bokmål meir i samanheng. Og at dette må det vera i fokus i heile språkopplæringa.

– Eg trur det er viktig å sjå parallellane til andre fleirspråklege land, der det og er vanleg at folk går frå minoritetsspråket til majorititetsspråket. Men slik som i Wales har det snudd, og dei har greidd å demme opp språkskiftet til engelsk, forklarer Eli.

– Ettersom nynorsk på mange måtar kan samanliknast med europeiske minoritetsspråk, kunne me kanskje ha brukt fleire av erfaringane frå andre land i skriftspråkskifte-problemattikken i Noreg, avsluttar Eli.