Så mykje får studentane i 2012

– Stusseleg, meiner Norsk studentorganisasjon om det nye statsbudsjettet. 

Andrea Øien Sæverud
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mykje får studentane i 2012

Frå neste år får studentar 172 kroner meir å leve for i månaden.

– Budsjettet gjer at studentane blir fattigare enn resten av folket, seier leiar i NSO, Kim Kantardjiev.

I dag ble statsbudsjettet for 2012 lagt fram, men ifølgje NSO var ikkje regjeringa si pengefordeling mykje å rope hurra for.

– Helt sidan 2005 har vi forventa at regjeringa skal oppfylle løfta sine. Dei har lovd oss at det skal være muleg å studere på heiltid og at det skal bli lettare å ha barn mens ein er student. Ingen av disse løfta er heldt, seier Kantardjiev.

LES MEIR: Studerar 34 timar i veka

1000 nye studentbustader
I statsbudsjettet har regjeringa sett av pengar til å bygge 1000 nye studentbustader i 2012.

– Når desse bustadane står ferdige, vil i underkant av 6300 nye studentar ha fått mulegheit til å bu i rimelege studentbustader sidan denne regjeringa kom til makta, seier statsråd for forsking og høgare utdanning Tora Aasland i ei pressemelding.

NSO er fornøgde med at det skal bli lettare for studentar å få tak over hovudet, men meiner behovet er mykje større enn kva regjeringa har teke høgde for.

– Regjeringa bør oppgradere måltalet sitt og bygge minst 1500 bustader i året. Ved studiestart stod nesten 15 000 studentar i bustadkø, og for to veker sidan var det framleis 6000 som venta på studentbustad, seier Kantardjiev.

– Tynnslite truverde
Regjeringa legg opp til at fleire skal få mulegheit til å ta høgare utdanning, og opprettar 2600 nye studieplassar til neste år.

– Det er viktig at stadig fleire studentar får tilgang til høgare utdanning, understrekar statsråd Tora Aasland.

LES MEIR: Treng 20.000 studieplassar

Men fleire studentbustader og studieplassar er ikkje nok, meiner leiaren i Norsk studentorganisasjon. Han er lei av å vente på at regjeringa skal ta studentane sitt krav om 11 månaders studiestøtte på alvor.

– Vi ventar på heltidsstudenten og truverdet er tynnslite. Regjeringa har éin siste sjanse til å levere, seier leiar i NSO, Kim Kantardjiev.