Kan endeleg bli delvis sjukemeldt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan endeleg bli delvis sjuke- meldt

Lånekassen sitt regelverk krev i dag at studentar skal vera heilt studieuføre for å motta sjukestipend, der alt studielånet til studenten vert omgjort til stipend. No vil Kunnskapsdepartementet (KD) gå inn for ei regelendring, skriv VG Nett.

Bakgrunnen er ønskje frå støttegruppa etter 22. juli. Dei er urolege for at studentar berørt etter terroråtaka i sommar slit med studia sine.

Gjeld for alle
– Me vil umiddelbart starta arbeidet med ei endring i regelverket for Lånekassen, slik at mogelegheita for å få sjukestipend blir meir fleksibel, seier Tora Aasland, statsråd for høgare utdanning, til VG Nett.

– Me veit det er studentar som klarar å gå til undervisning enkelte dagar, men som også har dagar dei ikkje klarar det. Me vil gjera det mogeleg også for desse å få sjukestipend. Me ønskjer jo at studentar skal kunna vera på skulen så ofte som dei klarar, seier ho.

Sjølv om det er 22. juli som er den utløysande årsaka for regelendringa, vil den gjelda for alle studentar som treng deltidssjukemelding.

– Ein siger
Anne Marit Ringvold, nestleiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), er nøgd med endringa.

– Dette kallar me ein siger, NSO har jobba med dette i alle år. Me synst særleg det er positivt at dette vil gjelda for alle studentar, seier ho til Studvest.

Likevel har sigeren ein bismak.

– Det er synd at det må ei hending som Utøya til for at ein skulle sjå på denne ordninga. Det har også skjedd andre hendingar i vanlege studentar sine liv som har gjort at dei kunne trenga deltidssjukemelding, seier ho.

Studvest omtalte problemet med deltidssjukemelding for studentar sist i 2010. KD sa då at dei venta på svar frå ei levekårsundersøking for studentar.

– Denne vil kunna avdekkja behov for målretta tiltak for studentar som blir sjuke under utdanninga, sa departementet den gongen.

Aasland seier til VG Nett at departementet umiddelbart vil senda sak om endring av Lånekassens reglar til regjeringa. Dei ønskjer også at regelendringa har tilbakeverkande kraft, slik at Utøya-overlevande som allereie har fått delar av studieåret øydelagt skal få sjukestipend.

Det har førebels ikkje lukkast Studvest å få ein kommentar frå statsråd Tora Aasland.

LES SAKA I STUDVEST!

Faktaboks

Sjukestipend
– Sjukestipend betyr at lån vert omgjort til stipend når du blir sjuk i ein periode du mottar støtte frå Lånekassen. Vanleg stipend vert omgjort til sjukestipend.
– Du må vera heilt studieufør.
– Du kan ikkje ha rett til sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar frå folketrygda i sjukdomsperioden.
– Du kan få sjukestipend for inntil fire månader og to veker i løpet av eit undervisningsår.
kjelde: Lånekassen