– Arbeidarpartiet er òg klimapartiet

Rasmus L. Rasmussen svarar på spørsmål om kva han og partiet hans vil gjera for miljø og kollektivtrafikk i Hordaland.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Arbeidar- partiet er òg klima- partiet

Kva vil du og partiet ditt gjera for å kutta klimagassutsleppa i Hordaland?

– Arbeidarpartiet er òg klimapartiet. Vi ynskjer ei kraftig satsing på eit betre kollektivtilbud i Hordaland. Krav til auka bruk av miljøvennlig drivstoff i kollektivtrafikken og den fylkeskommunale bilparken. I første omgangen handlar det om eit tilstrekkeleg busstilbud kombinert med bybane til alle bydelar. Framtidige vegprosjekt må òg lagast slik at det blir lagt til rette for fleire bussar og bybane. Vidare vil vi byggje samanhengande gang – og sykkelvegar. Auka rutetilbod og reduserte prisar

– Innføre rushtidsavgift, strengare krav til miljøvennleg oppvarming og bruk av fornybar energi i offentlege bygg, elektrifisere hamna slik at skip brukar straum frå land og slår av oljefyrte aggregat, leggje til rette for meir bruk av vannbåren varme og ta i bruk ny teknologi for å reinse utslepp.

Vil de fase ut oljefyring i alle fylkeskommunale bygg innan 2015?

– Ja, men det er avhengig av at det er tilstrekkeleg kapasitet i straumnettet til å ta toppane.

Vil de gjennomføra omfattande ENØK-tiltak i fylkeskommunen?

– Ja.

Vil de skifte ut den fylkeskommunale bilparken med utsleppsfrie transportmiddel, som elbilar og biodrivstoffbilar?

– Vi vil leggje til rette for ein gradvis utskifting av bilparken og stille krav til dette i kollektivtransporten. Auka utbygging av infrastruktur for å ta bruk meir biodrivstoff.

Vil dei innføra månadskort til 200 kroner for ungdom og studentar?

– Vi vil auke aldersgrensen på ungdomskortet til fylla 25 og å fjerne nattaksten for ungdom og studentar på kollektivtrafikk i Hordaland. Halde prisen på ungdomskortet på dagens nivå.Utvide sona for lågaste taksten til Knarvik, Osar og Fjell

Vil de leggja til rette for auka satsing for kollektivtrafikken?

– Ja, vi vil satse på kollektivtrafikken òg i neste fireårsperiode. Vi vil gjere kollektivtrafikk til ei offentleg oppgåve, fjerne anbodssystememet og konkuranseutsettjnga i kollektivtrafikken. Dette vil gje betre politisk styring og vil bidra til eit betre kollektivtilbod for innbyggjarane i fylket.

Vil de avgrensa biltrafikken i fylket?

– Ja, vi ynskjer restriktive tiltak i Bergen, med tidsdifrensierte bompengesatsar.

Vil de leggja til rette for produksjon av fornybar energi?

Ja, vi ynskjer at Hordaland skal bli leiande i høve til forsking på, og utvikling av miljøvennleg energi. Vi meiner òg det er viktig at det er det offentlege som eig energiproduksjonen og andre viktige naturressursar.

Faktaboks

Miljøorganisasjonen Natur og Ungdom har laga ei sjekkliste som veljarane kan bruka til å utfordra lokalpolitikarane sine på miljø og klima. Framtida.no har tatt utgangspunkt i sjekklista, og spurt unge kandidatar i fylkestingsvalet i Hordaland om kva dei meiner om miljø, kollektivtrafikk og klimatiltak:

Solfrid Burkeland Smith (Sp): 25. august

Bjørnar Hamre (V): 26. august

Lone Lunemann Jørgensen (R): 28. august

Silje Hjemdal (FrP): 29. august

Viktoria A. Dahl (SV): 31. august

Rasmus L. Rasmussen (Ap): 1. september

Hans Nyvold Kjellby (H): 5. september

Vegard Ask (KrF): 6. september