Silje Hjemdal (FrP) svarar på spørsmål om klima, miljø og samferdsel i Hordaland.

mm
Faktaboks

Miljøorganisasjonen Natur og Ungdom har laga ei sjekkliste som veljarane kan bruka til å utfordra lokalpolitikarane sine på miljø og klima. Framtida.no har tatt utgangspunkt i sjekklista, og spurt unge kandidatar i fylkestingsvalet i Hordaland om kva dei meiner om miljø, kollektivtrafikk og klimatiltak:

Solfrid Burkeland Smith (Sp): 25. august

Bjørnar Hamre (V): 26. august

Lone Lunemann Jørgensen (R): 28. august

Silje Hjemdal (FrP): 29. august

Viktoria A. Dahl (SV): 31. august

Rasmus L. Rasmussen (Ap): 1. september

Hans Nyvold Kjellby (H): 5. september

Vegard Ask (KrF): 6. september

LES FAKTALUKK FAKTA

Kva vil du og partiet ditt gjera for å kutta klimagassutsleppa i Hordaland?

– Framstegspartiet ynskjer eit samfunn bygd på mest mogleg frivilligheit og færrast mogleg reguleringar, dette gjeld òg for miljøpolitikken vår. Eg og Frp er svært positive til den miljøutviklinga som føregår i industrien der det blir satsa på nytt produksjonsutstyr og ny teknologi. Difor vil vi òg tilstreba CO2-reinsing på Mongstad.

– For Framstegspartiet er det eit viktig prinsipp at det er forureinar som skal betala, difor er det naturleg for oss at fylkeskommunen tek vare på miljøvern i verksemda si. Vi vil vurdere dei klimagassreduserande tiltaka der kost/nytte-effekten er best.

Vil de fase ut oljefyring i alle fylkeskommunale bygg innan 2015?

– Hordaland Frp har programfesta at vi vil satse på fornybare energikjelder i fylkeskommunale bygg der dette er økonomisk forsvarleg.

– Kalde vintrar på Vestlandet er likevel utfordrande. Eloppvarmingsalternativet er dyrt i Noreg så lenge dei raudgrøne ikkje vil kutte i el-avgiftene. Her har den sitjande regjeringa eit ansvar.

Vil de gjennomføra omfattande ENØK-tiltak i fylkeskommunen?

– Standpunktet vårt er at energi bør brukast mest mogleg effektivt. Fylkeskommunen er eit offentleg organ som bør ha rutinar for gjennomgang av eige energiforbruk. Hordaland fylkeskommune jobbar blant anna i dag etter ein treårsplan for miljøsertifisering der målet er at alle fylkeskommunale einingar skal miljøsertifiserast innan utgangen av 2012.

Vil de skifte ut den fylkeskommunale bilparken med utsleppsfrie transportmiddel, som elbilar og biodrivstoffbilar?

– Hordaland Frp vil vurdere dette dersom det viser seg å vere forsvarleg økonomisk. Transportmiddel som fylkeskommunen har ansvar for må gjerne vere utslippsfrie. Difor ynskjer Frp bla å starte opp prøveprosjekt med el./batteridrift på ei ferjestrekning i Hordaland. Generelt ser Frp positivt på ein auke i bruk av el-bilar og bilar som kan nytte meir miljøvennleg drivstoff.

Vil de innføra månadskort til 200 kroner for ungdom og studentar?

– Eg og Frp vil òg i framtida vere oppteke av å gje ungdom og studentar eit rimeleg busstilbud. Vi vil vidareføre ungdomskortet og byggje ut tilbodet ”Trygt heim for ein 50-lapp”. Dersom ein er elev ved den vidaregåande skulen og ikkje kan nytte seg av eit subsidiert ungdomskort, ynskjer Frp å tilby alle desse gratis skuleskyss.

Vil de leggja til rette for auka satsing for kollektivtrafikken?

– Vi i Frp vil prioritere dei driftsformer som gjev mest kollektivtrafikk og miljøforbedring i tilhøve til kostnad. Hordaland Frp vil jobbe for at det blir tilrettelagt for auka kollektivbruk ved at det bla etablerast innfartsparkeringar ved alle innfartsårer til Bergen. I dag går utbygginga av Bybanen for sakte, og kostnadene er for høge. Difor vil Hordaland Frp satse primært på eit fleksibelt og velutbygd busstilbod til alle bydelar i Bergen.

Vil de avgrensa biltrafikken i fylket?

– Buss og bane kan ikkje åleine gje eit fullverdig tilbod for persontransport, så bilen må difor aksepterast som ein naturleg del av det totale transportsystemet. Hordaland Frp vil difor ikkje setje desse opp mot kvarandre, men arbeide for at det skal vere mogleg å velja mellom privat bilbruk og kollektivtransport.

Vil dei leggja til rette for produksjon av fornybar energi?

– Frp har som mål at Noreg skal liggje i forkant når det gjeld forsking på miljøvennlege energiformer. Vi i Hordaland Frp ynskjer aktive miljøtiltak i staden for passive avgiftstiltak. Difor er vi i utgangspunktet òg positive til å leggje til rette for produksjon av fornybar energi. Til dømes er vasskraftpotensialet stort i Hordaland, men vel så viktig blir det å leggje til rette for modernisering av alt eksisterande kraftverk.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.31

LES OGSÅ

ANNONSE