Ja til forsøk med sidemål

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Landsmøtet i Norsk Målungdom krev ei massiv satsing på positive sidemålsforsøk.

– Sidemålsopplæringa i dag manglar omfang, kvalitet og entusiasme. Dette fører til at mange elevar vert dårlege i sidemålet sitt, og følgjeleg utviklar dårlege haldningar til det. Problema er størst for dei elevane som har nynorsk som sidemål. Grunna den hegemoniske bokmålsdominansen i media og næringsliv, opplever ikkje nynorskelevane den same mangelen på kvardagsmøte med sidemålet sitt som bokmålselevane gjer. Dermed er dårleg sidemålsopplæring med på å skapa dårlege haldningar fyrst og fremst hjå elevar med bokmål som hovudmål, heiter det i ein uttale frå landsmøtet.

Landsmøtet er likevel krystallklare på at Noreg har to jamstilte, norsk skriftspråk – nynorsk og bokmål – og at alle dermed skal læra og verta funksjonelle i desse språka på skulen. Sidemålsopplæring på skulen er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel for å oppnå allment gode haldningar til og ferdigheiter i begge dei offisielle norske skriftspråka.

Styrk lærarutdanninga!
Landsmøtet vedtok òg ein uttale der dei krev kvassare inntakskrav til lærarutdanningane, slik at søkjarane må dokumentera at dei meistrar både bokmål og nynorsk før dei kan takast opp til lærarstudiet.

LES OGSÅ: Eit norskfag for framtida

Norsk Målungdom ønskjer at framtidige lærarar skal få opplæring i sidemål.

– Lærarane er viktige føredøme for elevane, og må særleg i møte med nynorskelevar vere medvitne om korleis dei som lærarar kan opptre og leggje til rette for at elevane opplever bokmålspresset som minst mogleg, heiter det i uttalen.

Feira 50 år
Norsk Målungdom fyller 50 år i 2011, og hadde eit innhaldsrikt landsmøteprogram spekka med gratulasjonshelsingar frå både ungdomsparti og nærskylde målorganisasjonar. Organisasjonen går inn i jubileet med stort pågangsmot og optimisme.

–  Eit vel gjennomført landsmøte som legg eit godt grunnlag for å gjere mest mogleg ut av jubileumsåret, konkluderer den attvalde leiaren Janne Nygård (21).

–  Arbeidsprogrammet legg opp til prioritering av norskfaget, nynorsk i den digitale verda og vidare kamp for nynorsk i rikspressa. Dei tre satsingsområda dekkjer viktige, men ulike nedslagsfelt, slik at flest mogleg kan finne eit arbeid å ta del i. Difor har vi også stor tru på at vi skal kunne femne endå vidare enn før i jubileumsåret 2011, seier Nygård.

Med seg på laget får ho eit røynd sentralstyre. Vebjørn Sture (23) frå Stavanger er nyvalt nestleiar, medan Johanne Marie Kydland Torvund (19) frå Hå i Rogaland er ny dagleg leiar. Som økonomiansvarleg har landsmøtet attvalt ein annan rogalending, nemleg Eva Holthe Enoksen (21) frå Stavanger. Også Tone Rossow (22) frå Asker tek ein ny periode i sentralstyret.