Kamp om taletid på Elevtinget

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Her er det du som er eksperten. Det er du som er elev som sit på skulebenken kvar dag, det er du som veit kva som gjer at du er motivert for å gå på skulen, det er du som veit best, sa leiar Anna Holm Heide i opningstalen måndag.

KOMMENTAR: – I 2011 er mitt største ønskje å sjå handling

Elevtinget varer heile veka, og skal diskutera seg fram til kva saker Elevorganisasjonen skal jobba for. Seint i går kveld tvitra organisasjonen at over 110 hadde teikna seg i debatten om vedtektsendringar. Dette ville føra til ei estimert trong for ti timar taletid.

Om tidsskjemaet held, skal det torsdag bli avgjort kva prosjekt som Operasjon Dagsverk skal gå til i haust. Og fredag er det klart for val av leiar og sentralstyre.

Besøk frå kunnskapsministeren
Onsdag ettermiddag kjem kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) mellom anna for å fortelja om arbeidet regjeringa har starta på for å gjera ungdomsskulen endå betre. Det er òg grunn til å venta at ho kjem for å snakka om kva som blir gjort for å hindra at nær ein tredjedelen av alle som tek vidaregåande opplæring fell frå undervegs.

TEMA: Fråfall i vidaregåande skule

Faktaboks

Elevtinget 2011 blir for første gong arrangert i Bergen. 500 representantar frå skular over heile landet deltek.