Ikkje nøgde med rådgjevinga
Berre éin av fem rektorar seier rådgjevinga ved skulen deira er god.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Éin av fem nøgde med skuleråd
1. mars er fristen for å søkja vidaregåande utdanning. 15. april er fristen for å søkja høgare utdanning. Men mange av ungdommane som skal ta viktige val for framtida si får ikkje dei råda dei treng.
I ei Sintef-undersøking blant 1300 rektorar er det berre 20 prosent som meiner rådgjevinga ved skulen deira er god.
Manglar utdanning
Rapporten som er gjort på oppdrag for Utdanningsdirektoratet viser at 59 prosent av rådgjevarane i grunnskulen har utdanning retta mot rådgjevarar, medan i vidaregåande har 82 prosent slik utdanning. I løpet av dei siste ti åra har delen rådgjevarar i ungdomsskulen utan formell rådgjevarutdanning auka.
Ynskjer auka resurssar til rådgjeving
Rådgjevarane meiner at dagens ressursar til rådgiving er for små til at ein kan gje elevane den kvaliteten på tenesta som dei har krav på.
Sintef skisserer framveksten av ei ny rådgjevarrolle. Denne rollen har større vekt på systemretta arbeid, og inkluderer fleire aktørar ved skulen og har færre oppgåver direkte retta mot elevar.