– Styrk opplæringa av lærarar – og Høgre og FrP

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Språkrådet har fått gjennomført ei undersøking som syner at mange lærarar i ungdomsskular meiner at dei ikkje har svært god kompetanse i hovudemna innanfor norskfaget. Dessutan syner undersøkinga at om lag halvparten av lærarane vil kvitte seg med ordninga der nynorsk og bokmål har same status i norskfaget.

Jens Kihl meiner standpunkta til desse Høgre og Framstegspartiet i norskfagsdebatten syner ein uvilje mot å ta skulen og lærarane på alvor.

– Høgre og FrP sitt svar til dette er at lærarane og elevane lyt få sleppe nynorsken. Noregs Mållag meiner at det viktigaste kunnskapsminister Kristin Halvorsen kan gjere no, er å ta konkrete grep for å styrkje norsklærarane. Eit viktig grep er å tilby lærarane etter- og vidareutdanningsløft i norskfaget, seier Jens Kihl i ei pressemelding.

Betre undervisingsopplegg
– Når lærarane i ei slik undersøking seier at dei ikkje har svært god kompetanse i å undervise i faget, bør vi ta dette på alvor. Vi må gje dei den utdanninga som trengst i staden for å kutte ut heile faget, påpeikar han.

Noregs Mållag og Jens Kihl peikar på tre grep som Kristin Halvorsen bør ta tak i:
– Sikre etter- og vidareutdanning i norskfaget med vekt på undervisningsopplegg på nynorsk for alle norsklærarar i ungdomskule og vidaregåande skule.
– Stimulere skulane til å byrje med nynorskundervisning på barnesteget.
– Gje alle lærarar eit minimum av studiepoeng i norsk, der dei får særleg opplæring i nynorsk og nynorsk didaktikk.

– Med dagens svake tilbod til lærarstanden er det ikkje rart mange lærarar synest det er vanskeleg å gje god undervisning i sidemål, avsluttar Jens Kihl.