Unge forskarar ynskjer lokal kontakt

Unge forskarar frå Vest-Telemark ynskjer seg eit forum der regionen held kontakten med «hjernekapitalen».

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vest-Telemark-konferansen i Vrådal torsdag samla meir enn 200 personar. Temaet var innovasjon og nyskaping. Dette er nødvendig for å vidareutvikle næringslivet og auke folketalet i regionen.

Me fekk møte tri unge lovande forskarar frå Vest-Telemark. Erik Folven, Marius Ubostad og Solfrid Bratland-Sanda fortalde om doktorgradsarbeida sine. Det var Erik Folven som kasta fram tanken om at regionen set i system kontakten med vesttelane som reiser ut for å skaffe seg høgare utdanning.

– Eg ser for meg at Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen kan vere eit kontaktforum for «hjernekapitalen» med til dømes eit årleg møte. Høgteknologiske verksemder kan utmerka vel lykkast i Vest-Telemark. I dag kan ein arbeide kvar som helst berre ein sit på kompetansen, sa Erik Folven, som har doktorgrad i avansert datateknologi frå NTNU i Trondheim.

Solfrid Bratland-Sanda med doktorgrad i idrettstrening er tilsett ved høgskulen i Bø. Ho meinte også at Vest-Telemark kan utvikle og styrke seg som region ved å dra nytte av forskingsmiljøa, og verte deltakar i forskingsprosjekt.

– Innovasjon er ikkje berre teknologi. Ein må sjå på heile det vide spekteret innan det ein kan kalle intelligensindustrien, sa ho.

Kan verte betre
Bård Stranheim, direktør i Innovasjon Noreg i Telemark, hevda at innovasjon i Vest-Telemark bør og kan verte betre enn i dag. Regionen er veldig god på entreprenørskap blant dei unge under 35 år, og kvinnedelen er også høg blant nyskaparane.

– Me har tri prioriterte område; energi og miljø, IKT og reiseliv og opplevingar. I tillegg er landbruksnæringa alltid med blant dei gruppene som får pengar frå Innovasjon Noreg. I Vest-Telemark er me inne med litt over 3.000 kroner per innbyggjar i lån og tilskot, medan det i fylket elles ligg på vel 1.000 kroner per innbyggjar, fortalde Stranheim.

Som levande døme på god innovasjon i Vest-Telemark hadde Stranheim med seg fire gründerar som har fått realisert draumane sine. Åshild Reime i Nissedal står bak utviklinga av såkalla «smarte» hytter, som er karakterisert som hyttemarknadens IKEA. Finn Arne Askje i Lårdal har bygt opp ein Hereford-kjøtfebuskap med eit svært høgt avlsnivå. Han er ikkje redd for å ta i bruk nyvinningar i avlsarbeidet for å utvikle garden.

Kjell Ivar Hosum representerte høgteknologiverksemda Novelda i Kviteseid som er verdsleiande innan avansert radarteknologi. Erland Larsen er gründeren bak Vierli-parken der han har bygt ut eit turistanlegg med eit breiddt tilbod om vintersportsaktivitetar for ein kvar smak.

Gode nettverk
– Gründerane veit ikkje alt sjølv når dei går i gang. Difor er gode nettverk viktig. Skal du springe fort, spring aleine. Skal du langt, gå saman. Framover er det ei utfordring for å skape ein kultur for innovasjon, og ein må heie på kvarandre i Vest-Telemark, sa Bård Stranheim.

Faun naturforvalting har sidan starten i 2002 opplevd ein auke i omsetninga på 20 prosent årleg. Målsettinga er 10-15 tilsette i løpet av dei neste fem åra. I dag er det åtte tilsette med spisskompetanse innan fagområda til Faun.

– Det er ikkje nokon ulempe å vere lokalisert i Fyresdal. I fjor fekk me 22 søknadar frå godt kvalifiserte akademikarar til ei stilling me lyste ut. Mykje av løyndomen for suksess, er at heile staben har ei kontinuerleg fagleg utvikling. I Faun er 20 prosent av arbeidstida sett av til fagleg utvikling. Dette er ekstremt viktig, sa Tor Gunnar Austjord.

Frisk satsing
Fredrik Damberg fortalde om det nye Fristadsentret på Åmot. Ruth Kvålo Dalen presenterte endringane av det falleferdige bygget i Øyfjell som ho har gjort til Galleri Straume.

– Målsettinga er å vere best lokalt, og me har alt ein høg marknadsdel i nærområdet. Det er ikkje nok. I dag må me tåle å verte samanlikna med prisane kundane finn på internett. Konkurransen er tøff og det er ikkje nokon dans på roser, men eg har tru på Åmot som handelsstad. Investeringa vår i nytt bygg på 7.700 kvadratmeter er stor for ei familieeigd verksemd. Ho er veldig langsiktig, sa Damberg.

Han nemnde også at utan gode parkeringstilhøve på Åmothaugen ville det ikkje vore ei framtid for Fristadsenteret. Damberg gjorde det klart at det stod mellom avvikling eller utvikling.

– Åmot har berre kring 1.000 innbyggjarar. Isolert sett er investeringa vår galskap, men eg trur det er liv laga. No gler me oss til at opprustinga av Åmothaugen er ferdig til sommaren, fortalde Fredrik Damberg.

Den falleferdige snikkarverkstaden i Straumekrysset i Øyfjell har Ruth Kvålo Dalen restaurert til eit prektig bygg som husar draumen hennar; Galleri Straume og eige atelier.

– Midt i prosessen møtte eg nærast veggen. Restaureringa var både kostbar og arbeidsam. Då dukka næringssjef Toril Nicolaisen i Vinje kommune opp og sytte for naudhjelp. Dette vart eit vendepunkt, og eg vart mykje meir løysingsorientert, sa Ruth Kvålo Dalen.

LES MEIR I VEST-TELEMARK BLAD!