Eit norskfag for framtida

Janne Nygård
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er vanskeleg, om ikkje umogleg, å nå alle kompetansemåla i læreplanen på ein tilfredsstillande måte. Utdanningsdirektoratet har no sett ned eit utval, Forum for norskfaget, som skal kome med råd om korleis norskfaget bør sjå ut i framtida. Når faget no på nytt skal leggast i støypeskeia, er det viktig at vi kjem fram til eit fag tufta på langsiktige og realistiske løysingar som kjem både elevar og lærarar til gode.

Kvifor har vi norskfaget?
Mange vil nok vere einige i at hovudgrunnen til at vi har norsk på skulen, er at vi skal lære å lese og skrive morsmålet vårt. Likevel les vi no og då i avisene at lese- og skrivedugleiken til norske born og unge er låg, og at mange, sjølv på vidaregåande, har problem med å forstå enkle tekstar. Dette er ikkje problematisk kun i norskfaget, men i alle andre fag der det er naudsynt å tileigne seg kunnskap gjennom å lese i lærebøker. Utan å ha basisdugleikane på plass, vert det meste vanskeleg.

Norskfaget har dei seinare åra, og kanskje spesielt etter kunnskapsløftet, vorte eit såkalla «sekkefag». Alt som ein meiner er viktig at norske elevar bør lære noko om, men som ein ikkje finn plass til andre stader, hamnar her. Å lære om filmadaptasjon, reklameanalyse, retorikk og journalistikk er kjempespanande, men kanskje ikkje det ein bør prioritere om ein auke språkkompetansen til elevane.

Sidemålsundervisninga – urokråka i norskfaget
Forum for norskfaget har kome med framlegg om èin karakter i norsk, og avsluttande obligatorisk eksamen i sidemål i VG2. Det er flott at ein byrjar tenkje nytt kring ei ordning som i dag ikkje fungerer, men det er fleire grunnar til at eg er skeptisk til framlegget frå utvalet.

Ein avsluttande eksamen i sidemål andre året kan i realiteten bety at det vert lite eller ikkje noko fokus på sidemålet i fyrste og andre klasse, noko eg ikkje trur kjem elevane til gode. Det er òg negativt at du som elev i større grad enn før må låse deg til ei målform gjennom heile vidaregåande. Det er eit viktig prinsipp at ein elev skal kunne skifte hovudmål når han eller ho sjølv vil det. Dessutan er andre året på vidaregåande eit populært utvekslingsår. Skal du som elev måtte ofre heile sidemålsundervisninga for å reise eit år til utlandet?

Det å slå saman dei tre norskkarakterane til ein karakter, trur eg ikkje vil styrke sidemålsundervisninga. Eg er heller redd for at sidemålsdelen av karakteren vert prioritert ned av lærarar som ikkje er trygge i sidemålet sitt og som heller nyttar tid på å komme igjennom andre delar av læreplanen – slik situasjonen er i dag.

Men til sjuande og sist er det ikkje talet på karakterar som avgjer kor god ein vert i norsk. Om du har null eller sju karakterar spelar ingen rolle om ikkje innhaldet i undervisninga og haldningar til faget endrar seg.
    
Lytt til dei unge!
Når Forum for norskfaget no skal utvikle nye idear for eit nytt norskfag, er det viktig at dei høyrer på dei som faktisk skal ha faget og lærarstudentar som skal undervise i faget i framtida. Her er i alle fall mi generelle ønskjeliste:

1. Auka fokus på lese- og skriveopplæring gjennom heile skulegongen.
2. Mindre plass til filmadaptasjon, reklameanalyse og andre tema som er spanande, men på kanten av kva som høyrer heime i eit norskfag.
3. Meir nynorsk i undervisninga, uavhengig av kva hovudmål du har.
4. Ei sidemålsundervisning med spesifisert innhald og omfang, som er tilpassa kva sidemål eleven har.
5. Løysingar med brei politisk semje, slik at ein ikkje risikerer at faget vert endra kvart fjerde år.
6. Ei lærarutdanning som utdannar lærarar som er trygge i faget sitt.

LES OGSÅ: Norsktimar utanom det vanlege