Her er nyttårsønska

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er nyttårs- ønska

Ola Skaalvik Elvevold, leiar i Natur og Ungdom er usikker på kva som er det viktigaste som har skjedd for ungdom i 2010:

– Det me ser er diverre at dei store, viktige klimatiltaka som kan gje ungdom ei framtid å tru på, dei uteblir. Det viktigaste er, som det ofte er i miljøpolitikken, alt det som ikkje har skjedd. 

– Det største ønsket mitt for 2011 er eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Regjeringa skal avgjera saka innan påske, og eit nei til oljeboring vil vere ein historisk siger for klima, naturmangfald og fornybar matproduksjon, og eit taktskifte i miljøpolitikken, seier han. 

– Må følgja opp løfta
Anna Holm Heide, leiar i Elevorganisasjonen
, er glad for at det i 2010 har blitt sett mykje fokus på det ho kallar den viktigaste utfordringa vi står ovanfor i skulen, fråfall i vidaregåande opplæring.

– Den store nedturen i 2010 var kutta av politiske fråversdagar, der elevane tidlegare hadde 14 dagar dei kunne bruke på til dømes organisasjonsarbeid og politisk arbeid utan at det vart ført på vitnemålet, medan dei no har 10 dagar, skriv ho i eit innlegg på Framtida.no.

– I 2011 er det største ønsket mitt å sjå handling. Det blir spennande å sjå om Ny GIV fører noko med seg og om fråfallet vil minske, om det kjem ein lovfesting av lærartettleik.

Meir ungdomspolitikk
Bjarne Dæhli, leiar for Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjoner
:

– Den enkelthendinga i 2010 som vil bety mest for ungdom på sikt, var at det blei sett ned ei maktutgreiing for ungdom. Maktutgreiinga skal jobba eit års tid og målet er å auka makta til ungdom over eige liv og samfunnsutviklinga.

– Mitt største ønske for 2011 er at alle unge veljarar bruker stemmeretten sin i lokalvalet, både 16-åringane i dei 20 kommunane som skal ha forsøk med stemmerett til 16-åringar og 18-åringane i resten av landet. For viss du ikkje stemmer, så er det nokre andre som bestemmer for deg! 

Ungdommens nasjonalforsamling
Mellom 19. og 21. september i 2010 blei den første Ungdomens nasjonalforsamling arrangert. Vetle Wang Soleim blei valt som leiar for Nasjonalt ungdomspanel:

– Det viktigaste eg meiner har skjedd for ungdom i 2010 er at dei har oppretta eit organ, Nasjonalt Ungdomspanel, som er stemma til ungdomen opp i mot regjering og Storting. Eit organ som ikkje driv partipolitikk eller organisasjonspolitikk, men berre ren ungdomspolitikk. Dette meiner eg gjer at dei gode tankane, idene og sakene frå ungdom blir høyrt i endå større grad enn før, skriv han til Framtida.no. 

– Det største ønsket mitt for 2011 er at Nasjonalt Ungdomspanel og Ungdomens Nasjonalforsamling blir eit fast organ, og at dei sakene som Ungdomens Nasjonalforsamling 2010 vedtok går gjennom hos politikarane. Vidare håpar eg at ungdomar fortset å engasjera seg, ikkje gjev opp og brukar organa som ungdomar har for å påverka!

Merking av retusjert reklame
Iver Johansen Aastebøl, leiar i Raud Ungdom
, svarar dette på spørsmålet om kva han synst er det viktigaste som har skjedd for ungdom i 2010: 

– Det er veldig bra at både elevar og forskarar har fått auga opp for at leksar ikkje fungerer, og aukar klasseskiljene blant elevane. Facebook-gruppene for leksefri skule har over 100 000 medlemmar, så no står det berre att at regjeringa innser det same.

Nyttårsønske:

– Det er freistande å ynskja seg fred i verda og sosialistisk folkestyre. Men viss eg skal ynskja meg noko som er meir realistisk å få til allereie neste år, ynskjer eg meg merking av retusjert reklame.

Meir human innvandringspolitikk
– At den papirlause innvandraren Marie Amelie gav ut den gripande boka "Ulovlig norsk". Amelie, som seinare vart tildelt prisen "årets nordmann" av NyTid, gav eit ansikt til alle dei tusentals papirlause ungdomane som bur og lever i Noreg kvar einaste dag. Eg håpar merksemda kring boka kan føre til endringar i dagens alt for strenge regelverk, seier Sveinung Rotevatn, leiar i Unge Venstre, og held fram:

 – Det største ønskjet må vere at vi får til ein god klimaavtale når partane møtest i Durban i desember. Det nest største ønskjet er at Stortinget seier nei til datalagringsdirektivet. Også håpar eg sjølvsagt at prøveprosjektet med røysterett for 16-åringar blir ein suksess under lokalvalet neste haust. 

Kva er dine ønskje for det nye året? Del dei med oss i kommentarfeltet!