Treng 20.000 studieplassar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny rapport som Kunnskapsdepartementet har utarbeidt viser at det vil vere eit aukande behov for menneske med høgare utdanning fram mot 2020.

– Me vil ha bruk for minst 20.000 nye studieplassar i Noreg. Fleire med høgare utdanning er viktig for at me skal kunne utvikla velferdssamfunnet vårt vidare, seier statsråd for forsking og høgare utdanning Tora Aasland (SV) i ei pressemelding.

Kunnskapsdepartementet la i dag fram rapporten ”Tilbod og etterspurnad etter høgare utdanna arbeidskraft fram mot 2020”. Dette er første gongen det er gjort ein heilskapleg analyse av tilbod og etterspurnad etter høgare utdanna arbeidskraft i Noreg.
Rapporten viser at det er behov for ein stor vekst i utdanningskapasiteten ved universiteta og høgskulane for å følgje opp folkesetnadsutviklinga, og at det er trong for endå fleire plassar for å gje ein større del i kvart årskull høve til å ta høgare utdanning.

Framskrivingstal for 2020 tilseier at 245.000 personar vil ynskja ein studieplass.

– Me har no skaffa oss eit endå betre grunnlag for å gjere dei rette vedtaka i møte med utdanningsbølgja. Analysane viser at det vil vere størst auke i behovet for lærarar, realistar og teknologar, økonomar og helsefagarbeidarar. Det er nettopp desse områda me har prioritert når vi har tildelt studieplasser, seinast i 2011-budsjettet, seier Aasland.

18.000 fleire studentar
Studieplassene som er finansiert over fleire statsbudsjett frå 2009 gjer at det vil vere plass til meir enn 18.000 fleire studentar ved norske universitet og høgskular, ifølgje statsråden. Investeringa er på over 2,5 milliardar kroner.

Men både Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo melder at trong økonomi for dei vil føra til færre studieplassar for dei. Ifølgje utrekningar frå Forskerforum er det i dag 33.000 fleire studentar enn det er finansiering til.

– Utdanning lønar seg
I den rapporten som i dag blei lagt fram for Kunnskapsdepartementet er det gjort analysar av røynslene frå den store studentveksten rundt 1990-talet. Det viser seg at investeringane Noreg den gongen gjorde innan høgare utdanning har vore særs lønsame.

– Me kan slå fast at utdanning truleg er den mest samfunnsøkonomisk lønsame investeringa noko land kan gjere, seier Tora Aasland.