No blir det lettare å starte bruktbutikk
Næringsministeren erkjenner at dagens brukthandellov er utdatert. No blir lova fjerna for dei fleste brukte produkt frå 1. juli.

Det opplyser NRK.
– Det har jo vore heilt håplaust eigentleg, seier næringsminister Jan Christian Vestre og siktar til dagens brukthandellov.
– Skal du drive ein bruktbutikk som skal selje brukte klede, til dømes, må du ha løyve frå politiet, du må føre alle varer sirleg ned i ei loggbok, og du må ha alt på lager i fjorten dagar før det kan seljast vidare, seier Vestre til NRK.

Næringsminister Jan Christian Vestre meiner endringa i brukthandellova vil gjere det enklare å omsette blant anna brukte klede og brukte møblar.
Mange krav
Dagens brukthandellov vart vedteken i 1999 og sist endra i 2015. Lova stiller altså desse krava til butikkar som sel brukt:
Både butikken og seljarane må godkjennast av politiet, alle varer som kjem inn, må loggførast i ein fysisk protokoll, og varene må oppbevarast i to veker før dei kan omarbeidast eller vidareseljast.
Vestre: Hindrar miljøvennlege val
Næringsministeren meiner det kronglete regelverket har ført til store hindringar for å få folk til å ta meir miljøvennlege val.
Etter statsråd fredag blir saka send over til Stortinget for endeleg behandling. Det er venta at forslaget får fleirtal. Då vil endringa tre i kraft frå 1. juli.
– Det betyr at det blir mykje enklare å omsetje brukte klede, brukte møblar, brukt forbrukarelektronikk og også brukte sportsartiklar, seier næringsministeren.
Dagens regelverk vil framleis gjelde for bruktbilar, kulturobjekt, edelsteinar og metall.