Nerdelandslaget jublar etter kronerulling – nådde milepåle

Kristiane Nerdrum Bøgwald
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi har samla inn over éin million kroner, seier Senkveld-profil Stian Blipp til VG.

Blipp er ein av iniativtakarane i podkasten og gaming-fellesskapet Nerdelandslaget, som han etablerte i lag med Andreas Hedemann i 2019.

Inspirerte av koronarapportar

Blipp og Hedemann blei inspirerte til å gjere noko etter 15 månadar med isolasjon og triste rapportar om dårleg mental helse hjå barn, unge og vaksne.

Resultatet blei ei 50 timar lang livesending der dei snakka om psykisk helse medan dei spelte spel som FIFA, Fortnite og Super Mario Party. Folk kunne donere pengar og innsamlingssummen går til Mental Helse Ungdom.

Målet var ein million, og då kronetalet bikka over kunne ein sjå tårer i augekroken på både Blipp og makker Andreas Hedemann.

Blipp fortel til VG at dei ved slutten av sendinga hadde fått inn 1.015 millionar kroner, og at summen fortset å stige.

– Folk har vore oppe heile natta. Vi har hatt dragshow med nokre dragartistar og Hasse Hope, folk har tatt tatoveringar. Det har vore alt mogleg, seier Blipp til avisa.

Blipp fortel at nesten kvar einaste krone kjem frå privatpersonar.

Det var over 90.000 personar som var innom sendinga på søndag. Nerdelandslaget hadde fleire gjesteprogramleiarar med på laget, deriblant skodespelar Aksel Hennie, som spelte Fortnite og donerte 10.000 kroner til innsamlinga.

I fjor samla Nerdelandslaget inn over 630.000 kroner til inntekt for UNICEF.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Nerdelandslaget (@nerdelandslaget)

Synliggjering av psykisk helse

– Vi gjekk inn med eit håp om å samle inn pengar, men at det skulle gå over éin million kroner hadde vi ikkje trudd. Vi ønskte jo berre ein samtale rundt mental helse, og gjere kunnskapen vår om at vi jobbar for den psykiske helsa til barn og unge tilgjengeleg, seier Thomas Kallerud ved Mental Helse Ungdom.

Han seier til VG at det er viktig med synliggjering av psykisk helse og at han håpar fleire tar kontakt og tør å snakke om det.


Treng du nokon å snakka med?
Hjelpetelefon for mental helse
(heile døgnet) – 116 123
Kirkens SOS
(heile døgnet) – 22 40 00 40
Chat: www.soschat.no kvar dag frå 18.30-22.30
Angstringen
(man-tor 10 – 13) – 22 22 35 30
Aurora – støtteforening for mennesker med psykiske helseproblemer
Kontortelefon: 22 20 99 83 med svarerBarneombudet
(man – fre 8-15) – 22 99 39 50
Kors på halsen (Røde Kors)
(man – fre 14-22) – 800 331 21
Sjå fleire ressursar her:
Hjelpetelefonar og nettstadar – Rådet for psykisk helse og her: Hjelp for barn og unge – Helsenorge


Vil du lese fleire saker om mental helse?