Nerdelandslaget skal game i 50 timar for psykisk helse: – Det er heilt nydeleg

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor samla Nerdelandslaget inn over 630.000 kroner til UNICEF. Denne helga skal dei samle inn pengar til Mental Helse Ungdom.

Korleis? Ved å game 50 timar i strekk. 

Facebook fortel Nerdelandslaget, som vart etablert av Senkveld-profil Stian Blipp og Andreas Hedemann i 2019, at dei vart inspirerte til å gjere noko etter 15 månadar med isolasjon og triste rapportar om dårleg mental helse hjå barn, unge og vaksne.

– Vi i Nerdelandslaget har fått meldingar frå unge som føler at dei ikkje har «lov» til å vere lei seg, sjølv om dei opplever at ungdomstida forsvinn framfor augo deira, skriv Nerdelandslaget på Facebook.

50 timar med gaming

Frå fredag kl. 18 og dei neste 50 timane skal Nerdelandslaget med ti programleiarar difor samle inn pengar til Mental Helse Ungdom ved å snakke om psykisk helse, samstundes som dei spelar spel som FIFA, Fortnite og Super Mario Party.

På Facebook skriv Nerdelandslaget at dei vil «bygge kjensla av å ta bladet frå munnen, snakke saman og anerkjenne at vi alle har ei mental helse å ta vare på».

Heile seansen vert direktestrøymd på Twitch.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by Nerdelandslaget (@nerdelandslaget)

Mental Helse Ungdom: – Betyr utruleg mykje

– Det er eit kjærkome avbrekk frå alt fokuset på pandemi, og ein slags kick-off til ei gjenopning av landet vårt, seier Line Toft om Nerdelandslaget sitt gaminginitiativ. Foto: Mental Helse Ungdom

– Det betyr utruleg mykje for oss at Nerdelandslaget har tatt initiativet til både å samle inn støtte, men også til å «snakke om det», fortel Line Toft, kommunikasjons- og innsamlingssjef i Mental Helse Ungdom, på e-post til Framtida.no.

Toft fortel at gamingmiljøet er viktig for enormt mange, og at Nerdelandslaget vil opne opp for samtalar om psykiske vanskar på gamarar sine eigne premiss.

– Det er heilt nydeleg, rett og slett, og vi gler oss veldig.

Toft fortel at mange synest det er lettare å snakke om tyngre tema samstundes som ein gjer noko anna, anten det er å køyre bil, lage mat eller game.

– For mange vert den augekontakten ved ei slik samtale i ein sofa eller overfor kvarandre ved eit middagsbord litt for intens, så å snakke medan ein gjer noko anna er ei heilt super løysing.

Skjermdump: Instagram @stianblipp

Over ein halv million og ny tattovering

Det er ikkje første gong Nerdelandslaget har spelt for ei god sak. I fjor sat dei framfor skjermen i 12 timar til inntekt for UNICEF. For kvar kronemilepåle som vart nådd, laut dei utføre ei ny utfordring.

Då innsamlingsaksjonen var over hadde Nerdelandslaget samla inn 632.000 kroner, og Stian Blipp sat att utan skjegg og med «kjøttet går»-tattovering på leggen.

Om det vert nye tattoveringar i år, er enno uvisst, men på Instagram har Blipp sondert tattovør-terrenget, så er det berre å sjå om nok kroner rullar inn.


Programleiar Oskar Fjørtoft Sandanger og gjest Herman Flesvig, i Youtube-serien: Føler’n.