Politikk og samfunn

«Nynorsken får sjølv det turraste av turre byråkratiske fråsegn til å lyda frodig og eventyrleg ut»

– Når var sist gong du kjende deg truga eller krenkja av nynorsk? Eg vil tru det er lenger sidan enn bokmål, skriv Filip Engh Persson.

Filip Engh Persson (18 år)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Framveksten av algoritme-styrte media har ført til auka polarisering verda om. Sjølv i land med høg tiltru kan det merkast. Tunger har vorte kvassare, personen vert stadig viktigare enn saka, dei som meiner noko anna vert i større grad fiendar, osv.

So kva kan ein gjera med denne utviklinga?

Vel, det er mange føreslag på bordet. Men dei vil anten taka lang tid å få på plass, eller so er dei ikkje praktisk gjennomførlege.

So lat meg koma med ei mellombels løysing: Nynorsk

Om me byrjar å føra den offentlege debatten på nynorsk kan me løysa ganske mange problem på både stutt og lang sikt.

Noko av det fyrste me vil løysa er den stadig meir aggressive tona som har vakse fram i den offentlege debatten. Lat meg fråga: når var sist gong du kjende deg truga eller krenkja av nynorsk? Eg vil tru det er lenger sidan enn bokmål.

For sanninga er at nynorsk, særs konservativ nynorsk, eignar seg dårleg til å gjera folk utrygge.

Nokon vil moglegvis ikkje lika at du kallar dei for laban eller usling, men dei vil truleg ikkje kjenna seg truga av det.

So ved å føra den offentlege debatten på nynorsk vil me skapa eit tryggare og meir venleg debattmiljø. Dette er ofseleg viktig, for jo tryggare debattmiljøet er, dess fleire vil våga å taka del i diskusjonane som skal avgjera framtida åt samhaldet vårt.

Den neste fordelen ved å føra den offentlege debatten på nynorsk er at han må gå rolegare føre seg.

For når ein kommuniserer munnleg på nynorsk må ein tala rolegare for at folk skal få meg seg kva ein seier. Og når ein kommuniserer rolegare, tenkjer ein ofte meir gjennom kva ein faktisk mæler. Med eit rolegare mål vil me truleg au unngå mykje av den opphissa stemninga som naturleg veks til i debattar der ordskiftet går skjott føre seg.

So til den siste og viktigaste grunnen til at me bør føra den offentlege debatten på nynorsk: Nynorsk høyrest alltid framifrå ut.

Med nynorsk, særs konservativ nynorsk, kan ein få sjølv dei minst interessante saker til å høyrast veldig gjennomtenkt ut.

Døme:

– Bokmål: Man bør ikke gjøre det før man har utredet de langsiktige konsekvensene dette kan ha.

– Nynorsk: Ein bør ei taka til slik akt før ein har grunna grundig over uynskte fylgjer ei slik handling kan føra meg seg i framtida.

Som dokker ser kan nynorsken få sjølv det turraste av turre byråkratiske fråsegn til å lyda frodig og eventyrleg ut. Og det trur eg har ein ganske undervurdert verknad. For jamvel om me er heilt nøydd til å draga algoritmane ut av den offentlege debatten, vil ikkje det brigda på den grunnleggjande utfordringa at den offentlege debatten ofte i seg sjølve er ganske kjedeleg.

Men kva er det som har fanga menneske mest i alle tider? Eventyr, utan tvil.

So lat oss gjera den offentlege debatten meir eventyrleg. Lat oss gjera han venlegare, rolegare og meir interessant. Lat oss føra han på nynorsk.