«Vi kan ikkje miste liv på grunn av utdaterte haldningar»
Leiaren i Humanistisk Ungdom meiner seksualitet ikkje bør avgjere om du kan donere blod.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.
I dag er det verdas blodgivardag og Noreg treng fleire blodgivarar. Rundt halvparten av befolkninga vil ein gong i livet ha behov for blodoverføring. Samstundes er det berre 2 prosent av befolkninga som donerer blod. Noreg har sett ein nedgang i bloddonorar, og vi har den dårlegste statistikken av alle landa i Skandinavia.
Sjølv om det er viktig å donere blod, er det mange restriksjonar som gjer at ikkje alle som ønsker å donere blod har moglegheit. Dette må vi gjere noko med.

Per i dag kan ikkje menn som har hatt sex med menn det siste året donere blod

I fjor sommar blei det bestemt at menn som har sex med menn og heterofile blodgivarar skulle bli likestilt i norske blodbankar. No er dette utsett på ubestemt tid. Per i dag kan ikkje menn som har hatt sex med menn det siste året donere blod. Dette meiner vi er diskriminerande retningslinjer basert på utdaterte haldningar.
Vi i Humanistisk ungdom meiner at seksualitet ikkje bør avgjere om du kan donere blod. Skeive menn i gjensidige, monogame forhold, viser ifølge FHIs avdelingsdirektør Anne-Marte Bakken Kran, ingen spesielt auka risikoar for seksuelt overførbare infeksjonar samanlikna med menneske i stabile, heterofile forhold.

Kven nokon vel å ha sex med kan ikkje vere ei grunngjeving for diskriminering

Grunngjevinga for utsettinga er at det finst usikkerheit rundt det, og at ein ikkje vil utsetje nokon for risiko. Overlegane anbefaler å vente til ein kan undersøke korleis det går i andre land. Slik kan vi ikkje ha det. Skal verda utvikle seg i ei positiv retning kan ein ikkje vente på at andre land skal ta det første steget.
Når det finst måtar å teste at blodet er trygt på, må blodbankane åpne for dette. Det er viktig at retningslinjene blir endra slik at dei ikkje diskriminerer, og fleire får moglegheit til å donere blod. Kven nokon vel å ha sex med kan ikkje vere ei grunngjeving for diskriminering.
Norge må gjere tiltak for å få opp andelen menneske som donerer blod, og dette vil vere eit steg i riktig retning. Vi kan ikkje miste liv på grunn av utdaterte haldningar.
● Les også: Yrket mitt: Torill jobbar ved blodbanken