Identitet

«Transhat er korkje feministisk eller logisk»

Laura Kursula meiner Espen Oseid Danielsen ikkje kjem med logiske argument i innlegget sitt om juridisk kjønn.

Laura Kursula (17)
Styremedlem i Bergen Sosialistisk Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vanlegvis når ein fører ein skriftleg debatt om ei sak, kjem ein med ei rekkje argument med grunnlag i faktum og logiske resonnement. Om ein vil svara på eit innlegg, bør ein då disputera desse underliggande faktuma eller resonnementa som trekkjer konklusjonar frå desse faktuma.

Difor gav Espen Oseid Danielsen sitt meiningsinnlegg «Rett til å endre juridisk kjønn raserer kvinnekampen» meg eit problem.

Då eg såg overskrifta tenkte eg meg med éin gong til å skriva eit svar, men i det eg las det, blei det klårt for meg at det ikkje er veldig mykje i innlegget å svara på. Likevel synst eg det er viktig å skriva dette svaret, jamvel om det blir litt stutt.

Kort samanfatta kjem Danielsen med fylgjande argument: at transpersonar kan endra det juridiske kjønnet sitt gjer at lovverket fer fram mot dei etter det juridiske kjønnet deira, og dette er dårleg med di det gjer at ikkje berre ciskvinner (det korrekte antonymet av «transkvinne», forresten, og ikkje «biologisk kvinne») er kvinner ifylgje lova.

Somme observante lesarar vil kan hende merka at dette ikkje er noko logisk resonnement, for det går berre i krins. Danielsen seier at han ikkje synst at folk bør kunna byta juridisk kjønn, fordi ein ikkje bør kunna endra på kva kjønn lova ser ein som.

quote-left

Danielsen legg ikkje fram eit einaste døme eller prov på faktiske skadar mot kvinner sine rettar som fylgje av lova om endring av juridisk kjønn.

quote-right

Jamvel om dette alt viser at det Danielsen kjem med er eit ikkje-argument, finst det òg eit anna problem med innlegget hans.

Lova om endring av juridisk kjønn har alt funnest i sju år, men Danielsen legg ikkje fram eit einaste døme eller prov på faktiske skadar mot kvinner sine rettar som fylgje av lova om endring av juridisk kjønn.

I argumentet sitt tyr han berre til problem han sjølv har førestilt seg. Eg trur dette peikar på at det har vore uråd for han å finna ekte skadar som resultat av at folk endrar juridisk kjønn.

Danielsen avsluttar med: «Eg tør nesten ikkje spekulere i kva konsekvensar opninga for eit tredje juridiske kjønn vil ha for samfunnets likestillingsarbeid. Den tid, den sorg.» Det gjer eg derimot.

Eit tredje juridisk kjønn vil gjera at ein kan sleppa å bli tvinga inn i ein bås som ikkje representerer ein, det vil gjera det mogleg å få meir nøyaktige tal på kor mange ikkje-binære folk det bur i Noreg, og viktigast av alt vil det opna opp for vern av ikkje-binære folk på same måte som vi i dag vernar kvinner i lovverket. Desse verkar som høgst positive for jamstillingsarbeidet, og i fråvær av noka forklaring på korfor han gruar seg so veldig, har eg vanskeleg for å skjøna kva feministen Danielsen meiner med denne kommentaren.

Apropos feminisme: idéen Danielsen legg til grunn når han meiner at berre ciskvinner bør reknast som kvinner høyrer til eit sokalla essensialistisk syn på kjønn – at kjønn er noko som ligg ibuande i kroppane til alle menneske og ikkje kan endrast på.

Dette er eit syn som feministar har sett spørsmålsteikn ved i alle fall sidan Simone de Beauvoir, som i 1949 skreiv: «ein er ikkje fødd kvinne, ein blir det» (i «Det anna kjønn»). Sidan den gongen har det å sjå kjønn som ein sosial konstruksjon, altso som noko som er forma av samfunnet vi lever i, lege til grunn for feministisk tenking – vi lever i eit patriarkat, altso eit samfunn der kvinner blir undertrykte, og det kan vanskeleg tenkjast at det er kjønnsorgana som undertrykkjer.

Når ein som «opplever» seg som feminist gjev uttrykk for at kvinner er definerte av kroppane sine, forventar eg ei rettferdiggjering for dette valet, noko eg ikkje ser i dette innlegget.