Politikk og samfunn

«Rett til å endre juridisk kjønn raserer kvinnekampen»

Espen Oseid Danielsen (29)
Jurist
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg er både maskulinist og feminist. Som feminist ser eg med stor uro og bekymring på manglande opprop for biologiske kvinners rettar. I eit samfunn som strevar etter å ikkje tråkke nokon grupper på tærne, er risikoen stor for at ein ikkje tør å ta dei naudsynte og prinsipielle debattane.

Ein av desse spring ut av lova som gir ein rett til å endre sitt juridiske kjønn. Lova tredde i kraft den 1. juli 2016. Det er fleire ting å undre seg over ved denne lova, mellom anna at eit barn på sju år kan byte juridisk kjønn dersom berre ein av foreldra ønsker dette. Det går fram av lovas paragraf 2 at «personer som er bosatt i Norge og som opplever å tilhøre det andre kjønnet enn det vedkommende er registrert med, har rett til å få endret sitt juridiske kjønn».

Ein kan følgeleg lese ut av føresegna at ein ikkje har nokon bevismessige krav for å få endre sitt juridiske kjønn. Det er tilstrekkeleg at ein «opplever» det slik. Dersom ein opplever å tilhøyre det andre kjønnet, har ein såleis rett til å få endra sitt juridiske kjønn.

Og her kjem brannfakkelen. Her kjem det som manar til at biologiske kvinner bør fyre i gang eit fakkeltog. Lovas paragraf 6 seier tydeleg at det nye juridiske kjønnet «skal legges til grunn ved anvendelsen av andre lover og forskrifter». Forarbeida til lova fastslår at dette vil gjelde også dei reglane som dreier seg om kjønnskvotering, medrekna blant anna til offentlege utval og kravet om 40 prosent kvinner i styra for aksjeselskap.

quote-left

Studieplassen, på kostnad av ei biologisk kvinne, er sikra!

quote-right

Lova gir altså underteikna rett til å endre sitt juridiske kjønn til «kvinne», og dermed få alle dei særrettane som er gitt kvinner, blant anna i likestillings- og diskrimineringslovas formålsparagraf, studiepoeng og FNs kvinnekonvensjon. Viss underteikna skal etablere eit styre i aksjeselskap med ni andre kompisar, kan fire av oss berre byte kjønn. Lova stiller berre til vilkår at fire av oss «opplever» å vere kvinne. Om det er reelt eller ikkje, sit berre personen sjølv med fasiten på.

Lovas forarbeid viser også til at det ikkje er noka avgrensing for kor mange gonger ein kan byte juridisk kjønn. I teorien kan ein altså byte til kvinne før eit studieopptak, få tilleggspoeng, og så berre byte tilbake etter eit par månader. Studieplassen, på kostnad av ei biologisk kvinne, er sikra!

Det er naturlegvis forskjell på kva som er lovleg og riktig i denne saka. At ein skal byte kjønn for å halde kvinner utanfor, er nok ikkje etisk forsvarleg. Eg trur ikkje politikarar har skjønt kva dei opna opp for med lova i 2016, og kor kompromitterande den kan vere for biologiske kvinners likestillingskamp. Eg tør nesten ikkje spekulere i kva konsekvensar opninga for eit tredje juridiske kjønn vil ha for samfunnets likestillingsarbeid. Den tid, den sorg.