Skrivekonkurranse

Skrivekonkurranse: «Vi treng sunnare sosiale medium, ikkje uverksame aldersgrenser»

Laura Kursula vann skrivekonkurransen til Framtida.no, Magasinett og Nynorsksenteret med denne teksta om sosiale medium.

Laura Kursula (17)
Styremedlem i Bergen Sosialistisk Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dei store teknologiføretaka bryt personvernlova og utnyttar brukarane sine i rekordfart, og alt det stadig meir djervt enn før. Politikarar og ålmenta reagerer ved å krevja at tilgjenge til sosiale medium må avgrensast strengare. Men kor vert det av marginaliserte ungdomar som treng å finna fellesskap og førebilete lenger unna enn nærmiljøet? Og finst det ikkje betre måtar å disponera dette vitskapens tinde?

I dag har sosiale medium ei nominell aldersgrense på 13 år, men ho kan omgåast ved å enkelt skrive inn ein galen fødselsdato. I ein kronikk på NRK sin nettstad føreslår Nikolai Astrup frå Høgre å auka grensa til 16 år, og å handheva ho ved hjelp av BankID. Eg påstår at ei slik aldersgrense vil gjera det motsette av å fremja eit positivt høve til verdsveven hjå landets unge.

quote-left

Kor vert det av marginaliserte ungdomar som treng å finna fellesskap og førebilete?

quote-right

Astrup vil innføra aldersgrense med verifisering på grunn av påståtte negative verkingar frå sosiale medium, men det er ikkje eingong difor den noverande grensa finst. Grunnen til 13-årsgrensa på sosiale medium i dag er ikkje negativ sosial påverknad på ungdomen; det er av omsyn til personvern at grensa finst. Ein som er under 13 år vert ikkje sett som før til å samtykkja til bruk av den personlege informasjonen sin.

Sanninga er at ingen verkeleg gjev informert samtykke til bruk av dei personlege opplysingane sine av teknologifirma. Kor ofte les du bruksvilkåra og personvernerklæringa for ein app du lastar ned, eller ein nettstad du bruker? Nett no får Meta (eigaren av Facebook og Instagram) ein million kroner i bot kvar dag for å nekta å følgje eit påbod frå Datatilsynet om å stansa datainnsamlinga. Men det skjer ingenting.

Skruppellause teknologigigantar veit at dei kan gjera kva som helst utan nokon konsekvensar, for nett no har dei komplett kontroll på heile det digitale livet vårt. Ei handheva aldersgrense vil ikkje fiksa dette.

Jamvel om dagens store sosiale medium-selskap ville følgt ein slik lov, kjem det berre til å dukka opp nye aktørar som ikkje gjer det. Og framlegget gjer slett ingenting for å verna dei som er over 16 år gamle.

quote-left

Dessutan er den vidunderlege krafta som sosiale medium gjev til unge menneske eit gode, og ikkje eit vonde.

quote-right

Dessutan er den vidunderlege krafta som sosiale medium gjev til unge menneske eit gode, og ikkje eit vonde. Det er krafta til å kommunisera med menneske over heile verda; menneske som kanskje er meir like deg enn dei rundt deg. Og ikkje berre menneske, men kunnskapen og. Den samla kunnskapen frå tallause, ulike, fargerike menneske.

For meg sjølv og tallause andre skeive ungdomar var sosiale medium lenge den einaste måten å ha kontakt med nokon andre som var lik meg.

Å informera meg om kva det er eg føler. Å kjenna at eg høyrer til noko større. At eg òg har retten til å finnast som eg er. Eg veit ikkje kor eg ville vore i dag, dersom dette ville vorte tatt frå meg av ein middelaldrande politikar som aldri har opplevd det eg har.

Eg stiller og spørsmål ved kor føremålstenleg det er å krevja at ungdomar knyter heile den røynlege juridiske identiteten sin opp til alt dei gjer i kyberrommet.

Viss hensikta er, som eg synest ho bør vera, å la unge menneske utforska, finna ut og prøva ut, å finna fram til kven dei vil vera, digitalt og i røyndomen, er det verste ein kan gjera å tvinga dei til å bruka det røynlege namnet sitt i desse aktivitetane.

Det kan vera farleg å kringkasta identiteten sin for heile internett, og det er heller ikkje alltid tryggande at alle ein kjenner i røynda skal vita alt ein gjer i kyberrommet. Viss ein til dømes er kjend som gut av menneska rundt seg, men er noko svært anna på internett. Eller berre legg ut mem som klassekameratane på ungdomsskulen synest er cringe.

quote-left

For meg sjølv og tallause andre skeive ungdomar var sosiale medium lenge den einaste måten å ha kontakt med nokon andre som var lik meg.

quote-right

Sosiale medium i dag er prega av ein motsetnad mellom revolusjonerande kraft og skruppellaus utbyting, og eg er slett ikkje den einaste som har merka han. Menneska i rørsla for fri programvare har skjønt, at ein ikkje treng å selja sjela si til overvakingskapitalismen for å nyta godt av det vedunderet som er verdsveven.

Friviljuge programvareutviklarar har laga eit heilt økosystem av frie sosiale medium, som er baserte på idealisme og tek i vare brukarane sine. Etter mi erfaring gjev eit slikt sosialt modell av sosiale medium ei større kjensle på fellesskap, og legg til rette for bygging av ekte sosiale forhold mellom menneske. Eg har ikkje plass her til å forklåra alt om desse alternativa, men eg rår lesaren til å gjera eit vevssøk på «fediverse» for å læra meir.

Heile dette økosystemet av uavhengige sosiale medium går heilt ut på friviljug arbeid, både for utvikling av programvara, for vedlikehald og for moderering.

Det er urimeleg å forventa at friviljuge bidragsytarar kring verda vil ha kapasiteten til å stø BankID-pålogging, for ikkje ein gong å snakka om det å handsama opplysingane frå BankID på ein forsvarleg måte. Eit krav om BankID-pålogging ville vore ein dødsdom for uavhengige sosiale medium.

Astrup si 16 års aldersgrense vil altså ikkje betra personvernet eller opplevingane til unge folk på sosiale medium, og vil faktisk gjera det vanskelegare å velja meir etiske måtar å eksistera på verdsveven. Som alternativ til ei uverksam aldersgrense, gjer eg mitt eige framlegg om kva som må til for å skapa ei tryggare digital verd for ungdomar:

  1. Halda teknologiføretaka ansvarlege. Selskap som openbert og forsettleg bryt norsk lov, må ikkje få halda fram drifta her.
  2. Stø ideelle alternativ til dei kommersielle sosiale media. Nett no ligg talet på ungdomar i Noreg som veit at det finst andre måtar å eksistera på internett på, veldig nært null. Det krevst at det vert skipa lokale, ungdomsvenlege tenester her i landet, og at vi oppmodar unge til å bruka dei.
  3. Bringa digital danning inn i skulane. Akkurat som skulen skal gjera barna til gode medborgarar, må han også gjera dei til gode digitale borgarar. Gode skikkar og kunnskap kjem ikkje frå seg sjølve, men dei må lærast. Her må skulen spela ei sentral rolle.
quote-left

Eit krav om BankID-pålogging ville vore ein dødsdom for uavhengige sosiale medium.

quote-right

Internett er eit vedunder. Men det er også nok eit offer for kapitalen si profittsøkjande rovdrift, som har gjeve den fagre ideen av sosiale medium eit dårleg namn. Trøysta vår er at det finst ingenting som tvingar tilhøva til å vera som dei er; og det å skapa ideelle og ålmennyttige rom i den digitale verda er mykje lettare enn å gjera det i den materielle.

For meg er valet enkelt, så eg spør deg: Vil du ha eit kyberrom der private og offentlege aktørar konkurrerer om å føra inn meir avgrensingar, kontroll og overvaking, eller eit kyberrom prega av fridom, samhald og fellesskap?