«Fjordane våre er ikkje søppeldunkar for gruveslam»
– Sanninga er at naturen kostar, og den kostnaden vil stiga meir og meir i pris jo lengre me vel dei billige og enkle løysingane, skriv Kaisa Milford Sjursen.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Sjå for deg ein alminneleg fjord. Fiskane sym i havet, fuglane flaksar rundt og bråkar, alt fungerer slikt som det skal. La oss no seia at me har gått 10 år framover i tid. Du verken høyrer eller ser teikn til liv på land, og sjøen som før var blå er no dekt av eit tjukt grått støvlag. Ved sidan ligg eit kaianlegg med røyr som pumpar ut svart masse i sjøen. På kaianlegget står det «Nussir AS».
Denne beskrivinga er i ferd med å bli realiteten for Repparfjord.
Selskapet Nussir AS starta med utvinning av kopar frå fjella rundt fjorden i 2025 og kjem til å produsera 2 millionar tonn gruveslam beståande av finmale steinstøv og andre kjemikaliar, kvart år. Alt vil dumpast rett i sjøen, i 20 år framover. Regjeringa har ikkje stilt krav til nokon plan for avfallshandtering frå Nussir.
Katastrofalt
Prosjektet vil bli katastrofalt for alt liv i Repparfjorden. Partiklar frå avfallet vil også spreiast rundt i områda omkring fjorden, som er heim for torsk, sei, laks og kveite. Den lokale fiskenæringa vil gå mykje i manko, og det vil gå hardt utover alt fritidsfiske. Fuglebestandane som lever i området, er også avhengige av fisken i fjorden, i tillegg til marine pattedyr som spekkhoggarar, knølkval og niser.
Det er fleire gonger bevist at sjødeponi drep liv i havet. Organismar i andre fjordar med sjødeponi er fulle av miljøgifter, og økosystema er sterkt trua.
Sjølv bitte små konsentrasjonar av partiklar har ein sterk negativ påverknad, så då kan du tenkja deg kor skadeleg 2 millionar tonn partiklar i året vil vera for fiskane i Repparfjorden.
Andre alternativ
Det finst alternativ til sjødeponi. Tilbakefyllingsbryting, det vil seia å leggja avfallet tilbake igjen i gruva under utvinninga, er bevist å vera effektivt sidan gruva har plass til restmassane. Det er også mogleg å bruka massane til ulike formål, som i bygningsmateriale.
Dessverre har ikkje bergindustrien vist interesse for desse løysingane ettersom det kostar ein del, og å dumpa avfallet i sjøen er så å seia gratis.
Men sanninga er at naturen kostar, og den kostnaden vil stiga meir og meir i pris jo lengre me vel dei billige og enkle løysingane.
Den 9. april skal Stortinget velja om dei skal trekkja utsleppsløyvet i Repparfjorden eller ikkje. Då er det viktigare enn nokosinne at me hevar stemma og viser kor mykje kjærleik me har for fjordane våre. Skal me endå ein gong bøya oss i støvet medan selskap raserer den norske naturen?






