«For dei aller fleste er ein bustad ikkje eit investeringsobjekt»
Eigedomsskatt og formuesskatt på bustad er ikkje berre dårlege løysingar, dei er urettferdige, skriv Mathias Fremstad Nymo i FpU.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Fleire saker den siste tida viser korleis vanlege folk opplever kraftige skatteaukar, ikkje fordi dei har fått betre råd, men fordi bustaden deira har fått høgare verdi på papiret.
Dette er etter mi meining grunnleggjande urettferdig.
Det er ein heim
For dei aller fleste er ein bustad ikkje eit investeringsobjekt, det er ein heim. Ein stad ein bur, lever livet sitt og oppdrar barn. Likevel blir bustaden behandla som om han er ei løpande inntektskjelde som det er rimeleg å skattlegge igjen og igjen.
Når ein kjøper bustad, betaler ein allereie store summar i avgifter og skatt. Dokumentavgift, gebyr og kostnader kjem i tillegg til sjølve kjøpesummen. Deretter betaler ein skatt på inntekter som blir brukt til å betale bustadlånet. Pengane er allereie skattlagde før dei blir brukt på bustad.
Ekstra skatt
Det stoppar ikkje der. Ein betaler kommunale avgifter for vatn og avløp, og ofte feiing, med moms. Ein betaler straum og renovasjon, og meirverdiavgift på dette òg. Treng bustaden vedlikehald eller oppussing, betaler ein moms på både arbeid og materiale. Det kostar pengar å bu i eit hus, og det betaler folk allereie.
Når ein då i tillegg legg på ein ekstra skatt i form av eigedomsskatt eller formuesskatt, blir det ei dobbel eller tredobbel skattlegging av det same. Skatten har ingen samanheng med kor mykje kommunale tenester ein bruker, eller kor god økonomi ein faktisk har. Han er basert på ein teoretisk verdi fastsett av kommunen eller staten.
Oppsiktsvekkande
I Debatten 27.01.26, uttala både Jens Stoltenberg og SVs Marthe Hammer at dei ikkje meiner det er urimeleg at folk tek opp lån for å betale denne skatten. Det er oppsiktsvekkande. Å meine at vanlege folk skal bruke gjelda si for å kunne betale skatt på sin eigen heim, viser kor lite denne politikken tek omsyn til folk sin eigentlege økonomi. Skatt skal betalast med inntekt, ikkje med meir gjeld.
Ein kan ikkje betale rekningar med bustadverdi. Ein kan ikkje selje ein vegg eller eit tak for å dekkje ei skatterekning. Likevel er det nettopp det mange i praksis blir tvinga til å forhalde seg til, nemleg ein skatt dei må betale uavhengig av om inntekta har auka eller ikkje.
Dette rammar særleg eldre, einslege og barnefamiliar hardt. Folk som har budd lenge i same bustad kan sitje på høge verdiar på papiret, men ha heilt vanleg eller låg inntekt. For dei blir eigedomsskatt og formuesskatt ei ekstra belastning i ein kvardag der utgiftene allereie har auka kraftig dei siste åra.
Dårlege og urettferdige løysingar
Mat, straum, renter og kommunale avgifter har blitt dyrare. Mange har fått mindre å rutte med, ikkje meir. I ein slik situasjon er det urimeleg å innføre eller auke skattar som ikkje tek omsyn til betalingsevne.
Skatt bør i størst mogleg grad vere knytt til inntekt og faktisk forbruk. Det er meir rettferdig at ein betaler for det ein bruker, enn at ein blir straffa for å eige sin eigen heim. Heimstaden bør vere noko ein kan kjenne tryggleik rundt, ikkje ei konstant kjelde til økonomisk uvisse. Når ein har kjøpt bustaden, betalt skatt på inntekta si og løpande betaler for tenester og vedlikehald, burde det vere nok. Å eige sin eigen heim skal ikkje vere ei livslang skatteforplikting.
Eigedomsskatt og formuesskatt på bustad er derfor ikkje berre dårlege løysingar, dei er urettferdige. Dei rammar breitt, tilfeldig og utan omsyn til folk sin faktiske økonomi.






