Utdanning

«Vurderingar i norsk skule er baserte mykje meir på kven du er, enn kva du kan»

«Det er på høg tid at nokon tek tak og gjer noko for å få tilbake rettferdige vurderingar i skulen,» skriv Linus Lerø.

Linus Lerø (18)
Styremedlem i Bærum Unge Høgre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Skulen er kanskje den viktigaste tenesta me får av velferdsstaten Noreg. Skulen skal sikra læring, kunnskap og forståing for korleis samfunnet fungerer. Men viktigast av alt så skal den norske skulen sikra at absolutt alle har same utgangspunkt til å lykkast i livet.

Ja, det er faktisk sånn at skulen ikkje berre er ein stad ein er sju timar om dagen for gøy, men ein av dei viktigaste faktorane til å få bukt med sosial ulikskap og gi alle ein sjanse i livet. Studium, jobb og resten av livet ditt blir forma av kva som står på vitnemålet ditt, og derfor er det heilt tragisk at desse moglegheitene er på god veg til å forsvinna.

I dagens norske skule er det ikkje lenger kva du kan som avgjer karakteren din, men heller kven du er, kva lærar du får eller kor heldig du er når det gjeld gruppeoppgåver. Det er på høg tid at nokon tek tak og gjer noko for å få tilbake rettferdige vurderingar i skulen.

Kjønnsskilnader

På Unge Høgres landsmøte i juni vart det vedteke ei rekke gode tiltak for å sikra at alle elevar får moglegheit til å forma si eiga framtid, og får moglegheita til å lykkast i livet.

Blant dei var eit tiltak for å få fleire anonyme vurderingar i norsk skule.

I resultata for nasjonale prøver ser me gong på gong den same trenden. På anonyme prøver gjer gutar og jenter det i gjennomsnitt ganske likt, men når ein ser på vurderingar i norske klasserom der læraren veit kven du er, så gjer gutar det mykje dårlegare. Dette er ikkje heilt tilfeldig, men eit direkte bevis på at vurderingar i norsk skule er baserte mykje meir på kven du er, enn kva du kan.

Min eller vår karakter?

Unge Høgre vedtok også at me må få eit mykje meir standardisert vurderingssystem. Kvart år ventar elevar i spenning for å sjå kva lærarar dei får, og berre basert på namnet til læraren kan dei ganske presist seia om det kjem til å bli eit lett eller vanskeleg år. Det skal ikkje ha noko å seia om læraren din er nyutdanna Mathias på 32, eller gretne Brit på 68, karakteren din i eit fag skal svara til den same kunnskapen og vera den same karakteren, uansett kva lærar du har.

I norsk skule ser ein at gruppeoppgåver er ein annan ting som legg store avgrensingar for moglegheitene til eleven. Det gir faktisk null meining at ein elevs kunnskap i eit fag skal bli vurdert etter kor godt resten av gruppa jobbar. Idear som at karakteren min er karakteren vår, er tankar som høyrer heime i gamle Sovjetunionen, så kvifor blir det framleis praktisert i norsk skule i dag?

I fag der karakteren ikkje kjem på vitnemålet, kan gruppeoppgåver vera kjempebra, som til dømes norsk i vg1 og vg2, men det er på høg tid at nokon bretter opp erma, seier det som det er, og forbyr vurderinga av gruppeoppgåver i avgangsfag.

Gi alle like moglegheiter

Dette er berre nokre av tiltaka som Unge Høgre vil gjera for å forsikra seg om at kvar elevs vurdering faktisk er basert på kunnskap, og ikkje kven ein er.

Det er ikkje berre eit enkelt tal på eit papir som står på spel her, men framtida til tusenvis av elevar. Det er på tide at me får tilbake rettferdige vurderingar i skulen, og gir alle norske elevar like moglegheiter for å lykkast i livet.