Klima og miljø

«Kvifor i all verda klarar me ikkje å få folk til å bry seg om klimakrisa på same måte?»

Farevarsla er eldraude og ekspertane ropar så høgt dei berre kan, men kor er krisestaben og den folkelege mobiliseringa? spør Ida Johanne Aadland.

Ida Johanne Aadland
Student
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ida Johanne Aadland har tidlegare arbeidd i Framtida.no. Teksta var først publisert på Facebook og er gjeve att med løyve. Teksta har tidlegare vore publisert hjå Transit og Naturpress.

«Vi holder pusten». «Rødt farevarsel». «Det er en veldig alvorlig situasjon». «Har satt krisestab».

Ekspertane åtvarar, og folk pakkar villig ned trampolinane sine, sikrar kjellaren sin, ladar powerbanken og planlegg for heimekontor. Fordi det er ein storm på veg.

Kvifor i all verda klarar me ikkje å få folk til å bry seg om klimakrisa på same måte? Farevarsla er eldraude og ekspertane ropar så høgt dei berre kan, men kor er krisestaben og den folkelege mobiliseringa?

Skogar brenn ned, jord tørkar ut, elvar fløymer over og artar døyr ut. Det finst snart ikkje normalvêr lenger, berre ekstremvêr, og matproduksjonen kjem til å bli vanskeleg mange plassar og umogleg andre plassar. Folk mistar heimane sine og jobbane sine, og millionar av menneske kjem til å bli tvunge ut på flukt. Presset på landa som framleis er nokolunde stabile og levelege kjem til å bli enormt. Tolmodet, tilliten og demokratiet kjem til å bli sett på prøve. Og så vidare og så vidare og så vidare.

Så ja – me held pusten.

For kvifor høyrer ikkje folk etter når ekspertane åtvarar? Kvifor gjer me ikkje som dei ber oss om? Og kor er solidariteten med alle dei som allereie er, og kjem til å bli, råka? Eg veit ikkje kva som er skumlast og vondast – er det forskarane sine spådommar og framskrivingar, eller er det å leve i eit land der så mange vel å drite i dei rundt oss og dei etter oss, trass tiår med åtvaringar og oppfordringar?

quote-left

For kvifor høyrer ikkje folk etter når ekspertane åtvarar?

quote-right

Førre veke skreiv NRK at apatien og mistilliten hos unge aukar, og at «klimaengasjementet» har blitt mindre. Kva trudde de? At me «engasjerte oss» fordi det var kjekt? At millionar tok til gatene og la om livsstilen sin fordi dei ikkje hadde noko betre å bruke tida si på? At ungdommar skriv kronikkar, skulkar skulen og sperrar motorvegar fordi dei ønsker seg ein klapp på skuldra? At me hadde lege vakne og skrive teite hjartesukk på Facebook dersom me sov godt om natta?

Vel, beklagar å måtte seie det, men me har aldri vore «engasjerte». Me er redde og triste og sinte.

Men no er det altså mange unge som føler at det ikkje er noko vits i å prøve lenger. Som sluttar å lese nyheiter fordi det gjer vondt. Som sluttar å demonstrere fordi dei same slagorda har blitt ropt i fleire tiår utan at det har blitt gjort noko nemneverdig. Som sit heime og lurar på kva dei skal leve av og for når ingenting er som før. Som drit i å vere flinke og fornuftige fordi det følest meiningslaust. «Verden går under om 50 år uansett», som ein 19-åring svara Aftenposten i ein reportasje om kor skadeleg unge si festrøyking er (takk for omtanken, Aftenposten, men sigg hamnar godt nedpå lista over bekymringar, eit par hakk bak for eksempel ferskvasskrigar, flyktningstraumar og høgreekstremistar på frammarsj).

Det er ufatteleg at ikkje fleire vaksne, opplyste og privilegerte nordmenn skjerpar seg. Dei aller, aller fleste klarar å forstå at me ikkje kan halde fram som før, og at klimaløysingar inneber at ein må minske forbruket sitt drastisk. Det nyttar ikkje å berre leggje ansvaret på politikarane eller å skulde på næringslivet. Politikarar må føre politikken veljarane vil ha, og bedrifter produserer varene forbrukarar vil kjøpe, så så lenge folk protesterer mot endringar og tviheld på overforbruket sitt kjem politikarar og maktpersonar til å gjere det same.

quote-left

Me er redde og triste og sinte.

quote-right

Det kjennest som eit hån når de seier at «håpet ligg i ungdommen», og samstundes gjer det så vanskeleg for oss å ha noko å håpe på. Alle dei vanskelege vala og kutta de ikkje orkar å ta, blir me nøydde til å ta. Me orkar faen ikkje å bere håpet dykkar i tillegg.

Eg fattar ikkje kva me kan seie eller gjere for at fleire skal endre kurs. Tallause vitskapsartiklar, demonstrasjonar, oppfordringar og hjartesukk har tydelegvis ikkje gjort inntrykk nok. I nokre små, radikale grupperingar blir det no kviskra om å bruke vald, trugslar og sabotasje for å få folk til å høyre etter. Eg forstår fortvilinga deira, men fordømmer idéane. Men andre og meir stilltiande reaksjonar og protestar tvingar seg også fram frå byllen av sinne og redsel: Eg og mange med meg føder ikkje eit einaste barnebarn eller framtidig helsearbeidar inn i denne verda før de byrjar å bry dykk også om vår alderdom.