Politikk og samfunn

«Kor mange fotballspelarar treng du for å få folk til å gløyme menneskerettsbrot?»

Ikkje gløym at Saudi-Arabia halshogde 196 menneske, berre i 2022. Ikkje gløym det sjølv om Ronaldo scorar hat trick, skriv Edvard Storm Simonsen om landet si sportsvasking.

Edvard Storm Simonsen
Statsvitskapsstudent
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kor mange fotballspelarar treng du for å få folk til å gløyme at du driv med menneskerettsbrot? 

Etter at Cristiano Ronaldo (38) drog til den saudiarabiske klubben Al-Nassr i januar, har mange flytta etter. Verdas beste fotballspelar i 2022, Karim Benzema (35), spelar no i Saudi-Arabia. Neymar (31) også. No har også norske Mathias Normann (27) forlate Russland, til fordel for Saudi-Arabia. 

Hovudgrunnen er at dei får astronomiske lønningar. Åtte av dei ti best betalte spelarane i verda spelar no i Saudi-Arabia. Ronaldo er på toppen av lista og tenar visstnok over 2 milliardar skattefrie kroner i året i sin nye klubb.

quote-left

Dollarteikna i auga på desse spelarane gjer tydelegvis at dei ikkje klarer å sjå at det dei gjer er umoralsk

quote-right

Dollarteikna i auga på desse spelarane gjer tydelegvis at dei ikkje klarer å sjå at det dei gjer er umoralsk. 

Kvifor det er umoralsk og kva Saudi-Arabia eigentleg skal med alle desse fotballspelarane, kjem eg tilbake til.

Kva motiverer Saudi-Arabia?

Saudi-Arabia bruker enorme summar på å lokke til seg fotballspelarar frå Europa. Kvifor? Med fare for å høyrast ut som ein konspirasjonsteoretikar: Alt er del av ein større plan. Heilt seriøst, Saudi-Arabia og kronprins Mohammed bin Salman har ein plan dei kallar «Visjon 2030». Målet er å gjere økonomien deira mindre avhengig av olje og gass, for å sikre framtida til staten. For å få det til vil dei satse på andre område, som teknologi, infrastruktur og turisme, og no også sport. 

Prins Mohammed bin Salman fotografert i 2019. Foto: Kremlin.ru

Kronprinsen vil at landet skal få ein større profil i verda. Han vil ikkje at Saudi-Arabia berre skal vere kjend som eit oljeland i Midtausten som halshogger folk som kritiserer regimet. Løysinga? Sportsvasking. 

Derfor har Saudi-Arabia sitt oljefond, PIF (Public Investment Fund), begynt å investere i litt av kvart. Blant anna i sport. I 2021 kjøpte dei Newcastle United. Tidlegare i år gjekk dei også tungt inn i golf. PIF eig også fire av klubbane i den saudiske fotballigaen, som no har kjøpt ein heil drøss av spelarar. Når dei no kjøper fotballstjernene frå Europa får dei flytta fokus frå det dei tidlegare fekk mest merksemd for, nemleg menneskerettsbrot. 

Ifølge FN er Saudi-Arabia eit diktatur utan religionsfridom, pressefridom, ytringsfridom eller demokrati. Kvinner vert diskriminerte, og all kritikk mot regimet eller islam er forbode.

I staden for å høyre om ytringsfridomskjemparar som blir dømt til døden, høyrer vi no om Ronaldo som skårar mål, og som sit i palasset sitt og pratar om kor bra livet i Saudi-Arabia er. Derfor bruker Saudi-Arabia så mykje pengar på fotballspelarar. 

Eit spørsmål om pengar

Grunnen til at spelarane vel å dra til Saudi-Arabia, er mindre komplisert. Det handlar om pengar. Analysebyrået Twenty First Group rangerer i augneblinken den saudiarabiske ligaen som den 54. beste i verda. Til samanlikning er den norske Eliteserien på 27.-plass på same liste. Når spelarar som kunne hatt mange gode år igjen i europeisk toppfotball, vel å dra til den saudiske ligaen, er det openbert at det ikkje er sportslege årsaker som ligg bak. 

Mathias Normann (27) fekk i fjor stor kritikk for å fortsette karrieren sin i Dynamo Moskva etter at Russland hadde invadert Ukraina. Han sa da at han ikkje blandar fotball og politikk. Det har han openbert ikkje begynt med sidan den gong, når han no melder overgang til Al-Raed i Saudi-Arabia. Det er som om Normann til ei kvar tid prøver å gjere det valet som er verst, moralsk sett. 

Normann har enda ikkje uttala seg om overgangen, men nokon er i alle fall litt ærlege om kvifor dei har valt å dra. Til dømes den portugisiske landslagsspelaren Ruben Neves (26). Han sa at ved å dra til Saudi-Arabia kunne han gi familien sin det livet han alltid hadde drøymt om.

Mathias Normann sa opp kontrakta si med FC Dynamo Moskva på grunn av tryggleiken. Foto: Екатерина Лаут

Rørande, er det ikkje? Ein millionær som forlét Premier League i sin beste alder for å håve inn endå fleire millionar, og samtidig vere med på eit svært sportsvaskingsprosjekt for eit land som driv med grove menneskerettsbrot. Det fortener ikkje all verda med sympati, spør du meg. Det er grådigheit. 

Ein som var forfriskande ærleg var senegalesiske Kalidou Koulibaly (32). Han sa det rett ut. «Eg kan ikkje nekte for det, eg drar til Saudi-Arabia for pengane.» Nokre av pengane skal han bruke på å hjelpe familien sin og landsbyen han er frå. Det er jo greitt nok det, sjølv om han sikkert kunne gitt bort endå meir. 

Likevel forklarar dei fleste det med at fotballen i Saudi-Arabia er på veg opp og at dei vil vere med på å utvikle kvaliteten på ligaen, eller at dei ville ha ein ny oppleving i ein anna del av verda eller noko anna visvas. Lat det ikkje vere nokon tvil – det handlar om pengar. 

Eg kan forstå det

Den senegalesiske landslagskapteinen Kalidou Koulibaly speler for saudiarabiske Al-Hilal. Foto: Happiraphael

Eg kan forstå kvifor desse spelarane drar til Saudi-Arabia. Det er ei unik moglegheit til å sikre seg sjølv og familien sin økonomisk for resten av livet og sikkert endå lenger. Fotballspelarar har ei relativt kort karriere og det er sjølvsagt freistande å tene mest mogleg pengar medan ein kan. 

Eg kan forstå at dei ikkje vil uttale seg om menneskerettssituasjonen i landet. Det er behageleg å aldri ta stilling til politiske spørsmål. Det er jo også som nemnt ulovleg å kritisere regimet, så eg forstår at dei ikkje gjer det, i alle høve medan dei bur i landet. Likevel håper eg at dei ikkje tiar for alltid.

Ikkje la dei vinne

Det eg håper er at når kontraktane deira har gått ut, og dei flytter vekk igjen frå den arabiske halvøya, at dei då tør å seie noko. Dei har mange følgjarar, og dei har vore på innsida av landet. Viss dei seier at det Saudi-Arabia gjer er kritikkverdig, kunne det betydd ganske mykje.

Eg trur mange fotballspelarar gløymer kor store førebilete dei er for mange, særleg unge. Det er ein misbrukt sjanse å ikkje påverke alle desse unge menneska til å ville gjere verda til ein betre stad. I staden for at unge ser at det er kult å bry seg, ser dei at det er kult å ikkje bry seg. 

quote-left

Eg trur mange fotballspelarar gløymer kor store førebilete dei er for mange

quote-right

Eg skulle også ønskje at fleire i det minst brukte pengane dei tente på å hjelpe dette brutale regimet, på å gjere verda til ein betre stad. Viss dei donerer alle pengane dei har tent til organisasjonar som arbeidar for menneskerettar, skal eg trekke kritikken tilbake. Diverre har eg ikkje særleg stor tru på at det mange som kjem til å gjere det. 

Til slutt har ei oppmoding til deg som les dette: Vis at du bryr deg.

Ikkje lik innlegga til Ronaldo på Instagram.

Ikkje kjøp Al-Hilal-drakt med Neymar på ryggen.

Ikkje gløym at Saudi-Arabia undertrykker kvinner, at dei fengslar folk som kritiserer regimet, fengslar skeive, og at dei halshogde 196 menneske, berre i 2022, for å nemne noko.

Ikkje gløym det sjølv om Ronaldo scorar hat trick.

Fortel folk om situasjonen i landet. Snakk om det.

Ikkje la Saudi-Arabia lykkast med å flytte fokus bort frå det som faktisk er viktig.