Transsynlegheitsdagen: «Synlegheit utan handling hjelper oss lite»
Overalt kan du lese om trans, transdebatt og transideologi. Det er i mindre grad mangel på synlegheit som er problemet, skriv Jamie André Jægersborg, nestleiar i SNU.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett til nynorsk av redaksjonen.
31. mars er internasjonalt anerkjent som transsynlegheitsdagen. Dette er ein dag som blir markert for å kaste ljos over transpersonars varierte liv, og utfordringane som framleis møter oss i storsamfunnet.
Utdatert praksis på heimebane
Dei siste 60 åra har det både nasjonalt og internasjonalt blitt kjempa fram viktige framskritt, sosialt så vel som juridisk, for skeive. Men dei siste åra har vi i større grad sett motgang og tilbakeslag mot skeive grupper, spesielt mot transpersonar.
På heimebane ser vi at transpersonars inadekvate helsetilbod framleis ikkje blir tatt på alvor. Det er godt kjent i det norske transmiljøet at Rikshospitalets NBTK, avdelinga som med nasjonalt monopol utfører kjønnsbekreftande behandling for transpersonar, har store manglar og problem. Ventetidene er lange, og mange opplever å vente ca. 6 månader mellom kvar time på sjukehuset.
Avdelinga opererer med den utdaterte diagnosen F64.0 frå den no forelda ICD-10, som legg til grunn at å vere trans er grunnlagt i psykisk sjukdom, heller enn variasjon i menneskes oppleving av kjønn. Dette inneber òg at sjukehuset berre behandlar binære transpersonar, så alle norske ikkje-binære står i praksis utan eit helsetilbod.
Alvorlege manglar
Desse problema er berre eit lite innblikk i dei alvorlege manglane transmiljøet har forsøkt å setje søkeljos på i lang tid, til liten effekt. Dette, og meir, kjem fram i rapporten advokatfirmaet Lund & Co publiserte i februar; Staten Noreg er fullstendig klar over at noverande tilbod ikkje oppfyller transpersonars rett til helsehjelp, og har ikkje klart å produsere konkrete tiltak for å forbetre dette.
I tillegg kjem avsløringar om at NBTK utfører ulovleg forsking på mindreårige transpersonar, ei allereie svært sårbar gruppe. Avdelinga og Oslo Universitetssjukehus insisterer på at dei ikkje har gjort noko gale. Dei regionale komitéar for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK) er ueinig.
Politiske forhandlingskort
Løftar vi blikket meir internasjonalt ser vi bekymringsverdige tilbakeslag mot transpersonar, i stor grad frå den ytre politiske høgresida. I USA ser vi ei rekke kampanjar retta mot transpersonar, frå ordrar som hindrar transpersonar å delta i idrett, til å gjere transpersonars førarkort og fødselsattest ugyldig. Også nærmare heime ser vi hat og fordommar mot transpersonar gjere politiske gjennomslag. Storbritannia gjennomfører lovendringar som svekker trans- og intersex-personars juridiske beskyttelse. Vi blir brukte som politiske forhandlingskort, og kjem som oftast verre ut av det.
Globalt ser vi eit sterkt press på transpersonar, og betente debattar om våre liv og rettar. Vi i vesle Noreg er heller ikkje immune overfor dette fenomenet. Vi er ein liten minoritet som har blitt hypersynlege i media og politikk dei siste ti åra. Overalt kan du lese om trans, transdebatt og transideologi. Det er i mindre grad mangel på synlegheit som er problemet, vi kan lesast om overalt. Men vi blir ofte snakka om og over.
Det er vel og bra at du ser oss, men kva gjer du vidare? Synlegheit er bra, til eit punkt. Men synlegheit utan handling hjelper oss lite.






