Klima og miljø

«Betyr ein fotballkamp meir enn klimaet, naturen og framtida vår?»

Kor er dei tusenvis av menneska når hetebølgene råkar Europa? spør Anastasiia Myrvoll.

Anastasiia Myrvoll (29)
Politisk utval for klimarettferd i KFUK-KFUM Global
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Inlegget er omsett til nynorsk av Framtida-redaksjonen.

100 000 menneske samla seg framfor Slottet for å heie på Noreg under VM. Berre i Oslo! Kor mange møtte opp då det var klimamarsj i fleire norske byar i august i fjor? Litt over 7000.

Kva seier det om oss? At ein fotballkamp betyr meir enn klimaet, naturen og framtida vår?

Same logikken?

Ikkje misforstå meg: Eg har ingenting imot fotball. Tvert imot synest eg det er fantastisk å sjå menneske samlast, kjenne på fellesskap og heie fram Noreg. Eg har vener som aldri har vore interesserte i fotball, men som no følger VM med eit brennande engasjement. Når eg spør kvifor, svarar dei at dette er ei viktig sak. At det handlar om heile Noreg. Om stoltheit. Om fellesskap. Om å vise kven vi er.

Men kvifor gjeld ikkje den same logikken når det handlar om klima og natur? Kor er dei tusenvis av menneska når hetebølgene råkar Europa? Når Oslofjorden held på å døy? Når artar forsvinn, natur vert bygd ned og forskarar åtvarar om konsekvensane av politikken vi fører?

Born og unge får stadig høyre at dei må engasjere seg politisk og bry seg. Men kva hjelper det når samfunnet rundt viser at ein fotballkamp mobiliserer mange gonger så mange menneske som kampen for den framtida vi faktisk skal leve i?

Ja takk, begge delar?

Det handlar ikkje om å velje mellom fotball og klima. You can do both, darling. Problemet er at vi ikkje gjer det. Vi finn tid til å måle flagg i ansiktet, stå i kø i timevis og synge av full hals når Noreg speler, men når det gjeld å møte opp for klima, natur og framtid, blir det plutseleg for travelt, for komplisert eller for politisk. Er ikkje det litt trist? Det burde bekymre oss.

Viss vi klarar å samle 100 000 menneske framfor Slottet for ein fotballkamp, burde vi også klare å fylle gatene når det handlar om livsgrunnlaget vårt. Viss ikkje sender vi eit ganske tydeleg signal om kva vi faktisk prioriterer. Come on, folkens, vi kan gjere betre enn det.