Politikk og samfunn

«Kjære medruss – vi treng ein russerevolusjon!»

Russetida har, som «pornobussen» frå Bryne er eit døme på, blitt ei tid der sexisme og pornokultur får regjere, skriv Marius Moldsvor (19).

Marius Moldsvor (19)
Avgangselev på vidaregåande skule
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Pornobussen» på Bryne er eit symptom på ei russetid der sexisme, kjøpepress og ekskludering får regjere. Eg takkar Støre for at han vil ta strukturelle grep, men vi må skape ei endring frå innsida. Det har eg prøvd å gjere!

Endeleg tar regjeringa grep i møte med ei russefeiring som har gått av hengslene. Men eg trur også at dei store problema vi møter i russetida må endrast frå innsida. Russetida har, som «pornobussen» frå Bryne er eit døme på, blitt ei tid der sexisme og pornokultur får regjere.

For å endre ei tid prega av valdtekter, kjøpehysteri, ruspress og ekskludering treng vi ein revolusjon – både på det personlege og strukturelle planet.

quote-left

Eg er feministruss nettopp for å markere motstand til mengder av kroppspress, seksuell trakassering og ekskludering.

quote-right

Eg har lenge kjent at mine haldningar står langt frå det som er norma i norsk russekultur, og har difor tatt aktive val for å motverke ukulturen og skape eit betre alternativ.

Det fyrste valet har vore å ta sterk avstand frå den sexistiske kulturen som gjer at mange får negative opplevingar i ei tid som er meint for kos og feiring. Eg er feministruss nettopp for å markere motstand til mengder av kroppspress, seksuell trakassering og ekskludering.

Det at 1 av 5 kvinner i Noreg har blitt valdteken syner eit aukande problem der mange menn tenker at kvinner er eit objekt dei kan nytta, inspirert av valdeleg og kvinnefiendtleg porno. Dette gjer at Noreg no skrik etter ein samtykkelov, betre seksualundervisning og gode førebilete!

quote-left

Russegruppene har utvikla seg til eit dyrt og ekskluderande prosjekt som gjer utanforskapet enda større

quote-right

Eit anna val har vore å boikotte dei kommersielle kreftene som vil tene gryn på usikker ungdom som berre vil passe inn.

Eg har kjøpt ein rimeleg arbeidsdress som eg har pynta og feirar i. Anna utstyr har eg funne brukt. Gjenbruk og gode alternativ bidreg både til ei meir økonomisk inkluderande og miljøvenleg feiring. Difor er det bra at regjeringa også varslar skjerpa tilsyn med den griske russeindustrien.

Det tredje valet eg har tatt er å ikkje vere med i noka russegruppe.

Då det blei diskutert argumenterte eg for at vi ikkje trong det. Russegruppene har utvikla seg til eit dyrt og ekskluderande prosjekt som gjer utanforskapet enda større for dei som ikkje er inkludert. Gruppene er ofte ein del av eit statushierarki som vi må motarbeide. Den tida ein brukar på gruppeorganisering kan ein heller bruke med gode venner. Boikott gruppene eller ha opne grupper for alle!

Marius Moldsvor i heimelaga russedress. | Foto: Privat

Sjølv om verken eg eller min medruss er perfekte, trur eg at vi kan skape forandring. Eg trur kvar enkelt kan skape positive endringar i vennegjengar, klassar og lokalsamfunn. Det blir herleg å feire fullført skulegang med 05-kullet, men på ein meir inkluderande og trygg måte!