Regjeringa varslar festbrems på russefeiringa: – Det har sklidd veldig ut

Russefeiringa bør skje etter eksamen, og skular bør forby russeklede når det fører til ekskludering, slår regjeringa fast. Russebransjen skal også granskast.

NPK-NTB-Marius Helge Larsen
Publisert

– Foreldra må bli ein festbrems. Og vi i regjeringa er ein festbrems, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til NTB.

Saman med barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) presenterer ho no fleire tiltak for å få roa ned på russefeiringa.

– Det har sklidd veldig ut. Dei siste åra har vi sett mange døme på at mange blir ekskluderte frå russefeiringa og frå fellesskapen. Sånn kan vi ikkje ha det. Det er vi nøydde til å gjere noko med, seier Nordtun.

Ho meiner at nokre av historiene frå russen er direkte hjarteskjerande.

– Vi høyrer jo om jenter som blir vurderte til å ikkje vere fine nok til å vere med på ein russebuss. Eller at dei veg for mykje til å bli med.

Vil flytte feiringa

No oppmodar kunnskapsministeren alle skular i landet til å vurdere forbod mot russeklede.

– Enkelte bussar, men også fleire grupper utan buss, har genserar med namnet på alle som er med på bussen, og der ikkje alle får vere med. Det fremjar ikkje læring og trivsel. Det skaper ekskludering, seier Nordtun.

Ho påpeikar at regelverket allereie opnar for forbod.

– Dette er ei privat feiring. Men viss gruppegenserar fører til dårlegare skulemiljø, har skulane høve til å regulere dette i ordensreglementet sitt for å fremje inkludering. Dei kan nekte elevar å ha på ekskluderande plagg når det går ut over skulemiljøet. Eg forventar at dette blir gjort.

– Og så vil eg sterkt oppmode alle til å flytte russetida til etter eksamen. Slik som det er i alle andre land, og slik dei også har gjort det i Tromsø, seier Nordtun.

Set i gang tilsyn

På nyåret kjem Toppe til å gi Forbrukartilsynet i oppdrag å føre eit særleg tilsyn med aktørane som sel bilar, klede, utstyr og anna til russen.

– Eg får masse førespurnader frå ungdom sjølv, om aggressiv og kanskje ulovleg marknadsføring. Dei fortel om situasjonar der ungdommar blir låste til avtalar om dyre kleskjøp med hemmelege kontraktar dei ikkje kjem seg ut av. Russen blir lett byte for sterke kommersielle selskap. Dette kan ikkje halde fram, derfor varslar eg auka tilsyn med bransjen, seier Toppe.

Ho har gode minne frå si eiga russetid, men ser med bekymring på det som har skjedd dei siste åra.

– Det har utvikla seg enormt, og mange bruker også mykje pengar på dette, seier ho.

Dyre klede og dyrt utstyr

Ho påpeikar at kjøpspresset blir ekstra ille i dyrtida.

– Det er foreldre som blir presenterte for ein pakke som kostar veldig mykje pengar. Og viss ein ikkje kjøper han, så blir ein liksom ikkje med i gjengen, seier ho.

Barne- og familieministeren oppmodar også foreldra til å følgje med.

– No skal tilsynet sjå på om det går føre seg ulovleg eller uheldig praksis, men vi må også å ruste ungdommane til sjølv til å vurdere rettane sine og stå imot presset dei blir utsette for, seier ho.

Byrjar tidleg

Kunnskapsministeren fortel også om ei triveleg russetid i Stavanger då ho gjekk ut av skulen.

– Vi hadde ikkje bussar og sånt, men nokre hadde russebil. Men opplevinga mi var at det var ope for alle, seier Nordtun.

Ho opplever at det som tidlegare først og fremst var eit fenomen i Bærum og Oslo Vest, med vanvitig dyre russebussar, no har spreidd seg utover i landet.

– Og dei byrjar tidlegare og tidlegare, gjerne i 8. og 9. klasse med å planleggje og betale inn. Eg høyrde i helga om ein som skulle byrje å betale inn 3000 kroner i månaden frå ungdomsskulen av, seier kunnskapsministeren.

– Må seie nei

Nordtun meiner at både regjeringa, kommunane og skulane, men også foreldra, har eit ansvar for at russefeiringa blir inkluderande og gøy.

– Vi som foreldre har ei viktig rolle. Vi må engasjere oss i russefeiringa, vi må våge å seie nei. Viss vi av 15-åringen blir bedne om å skrive under på dyre russebuss- og bil-kontraktar som kanskje til og med er ulovlege, så må vi seie nei.

Ho oppmodar også kommunane til å ta grep.

– Kommunane kan leggje til rette for fellesarenaer og møteplassar for russen. Når mange kommunar ikkje gjer det, legg dei i praksis til rette for at bussane blir den einaste plassen dei kan vere saman, seier Nordtun.