Saksbehandlarar i JURK meiner kvinner stiller dårlegare i NAV-systemet

Jusstudentane meiner det er vanskelegare å få trygd for «kvinnesjukdommar».

Frida Tvedte Matre
Publisert

– Kvinner er overrepresentert blant pasientar med eit uklart sjukdomsbilete kor dei har mange symptom, men står utan ein klar diagnose. Difor stiller dei dårlegare i NAV-systemet når dei søkjer om trygdeytingar.

Det fortel jusstudent og saksbehandlar i JURK, Sareedo Adam Roble Ali. Saman med nokre av jusstudentane i JURK skreiv ho i oktober eit innlegg der dei hevdar at mange kvinner blir «uretteleg og ulovleg nekta støtta dei fortener», på grunn av NAV sin praksis. 

Fungerande seksjonssjef i NAV, Jens Mykland, er ikkje samd i påstanden frå JURK om at NAV opererer med eit ulovleg dokumentasjonskrav.

– I ytingar som uføretrygd og arbeidsavklaringspengar vil det vere visse krav til dokumentasjon av sjukdomstilstanden, skriv han i ein e-post til Framtida.no.

Du kan lesa heile tilsvaret hans nedst i saka.

Hjelper kvinner

JURK står for juridisk rådgiving for kvinner, og drivast av vidarekomne jusstudentar. Dei tilbyr gratis, tilpassa hjelp for alle som identifiserer seg som kvinner.

Ei av problemstillingane dei har sett gjennomgåande i saksbehandlingane deira er, at lova slår skeivt ut for kvinner.

Hovudproblemet dei peikar på er at NAV sine dokumentasjonskrav overskrid det som er fastsett i norsk rett. Medan det er eit ulovfesta krav i sivile saker med over 50 prosent sannsyn for sjukdom, har NAV i praksis nær 100 prosent beviskrav.

Jusstudentane viser til NOU 2023: 11, ein rapport som eit regjeringsoppnemnt utval har skrive, som legg til grunn at NAV har eit nærast absolutt dokumentasjonskrav.

– Det går ut på at om du til dømes ikkje sender inn eit arbeidsdokument eller kan vise til ei spesifikk diagnose, så blir saka avslått. Eigentleg skal det berre vere meir enn 50 prosent sannsynleg tilfelle. Då har NAV eit strengare krav enn det som eigentleg er lova, seier Agathe Brautaset Waage.

NAV: – Visse krav til dokumentasjon

Fungerande seksjonssjef i NAV, Jens Mykland, meiner praktiserer regelverket rett.

– Beviskravet er alminneleg sannsynsovervekt dersom ikkje lova presiserer noko anna. Kva dokumentasjon som trengst for å møte beviskravet, blir vurdert konkret i kvar enkelt sak. Når det gjeld ytingar som uføretrygd og arbeidsavklaringspengar, vil det vere visse krav til dokumentasjon av sjukdomstilstanden, og det kan variere ut frå sjukdomstypen.

Saksbehandlarane i JURK erfarer at klientane deira har vanskar med å dokumentere typiske kvinnesjukdommar.

Kombinert med lite forsking på kvinnehelse, meiner dei difor at kvinner som er ramma av typiske kvinnesjukdommar mistar retten til trygdeytingar.

Saksbehandlarane i JURK fortel at dei særleg ser at det stillast strenge krav i saker som handlar om uføretrygd, avklaringspengar og «ung ufør-tillegg».

– «Ung ufør-tillegg» kan ein få dersom ein er uføretrygda, men det stillast strenge krav til å ha ein diagnose før ein er 26. Men når ein greiast ut for det så kan det ta fleire år, og då har ein gjerne ikkje diagnosen før ein er over denne alderen. Då får mange avslag på «ung ufør-tillegget», forklarar Kløve.

Ulike ytingar som JURK behandlar i saker knytt til trygd og pensjon

AAP (arbeidsavklaringspengar): skal sikre deg inntekt i periodar ein ikkje kan arbeide grunna sjukdom eller skade. Målet er at ein saman med NAV skal finne ut om det er mogeleg for deg å behalde eller kome i arbeid. Som hovudregel må arbeidsemna vere nedsett med minst 50 prosent til alle typar arbeid du er kvalifisert for. I tillegg må du, vere mellom 18 og 67 år, og medlem av folketrygda dei siste fem åra.

Uføretrygd: skal sikre deg inntekt dersom inntektsemna di er varig redusert grunna skade eller sjukdom. Dette må vere hovudårsaka til at du har nedsett arbeids -og inntektsemne. I tillegg må du vere mellom 18 og 67 år, vore medlem av folketrygda dei siste fem åra før du blei sjuk eller skada, og du må ha minst 50 prosent redusert arbeids -og inntektsemne. Ein må også ha gjennomført behandling for tilstanden, arbeidsretta tiltak og avklare kor mykje du kan jobbe, og dessutan hensiktsmessig behandling som kan betre arbeidsemna di.

«Ung ufør-tillegg»: er uføretrygd ein kan få i tillegg til den ordinære folketrygda dersom ein blir ufør i ung alder. For å få det innvilga gjeld desse vilkåra:

  • Ein var under 26 år då du blei alvorleg og varig sjuk.
  • Lege eller spesialist har klart dokumentert at sjukdommen førte til uførleik før du fylte 26 år.
  • Du søkjer om uføretrygd før du fyller 36 år, viss du har vore meir enn 50 prosent yrkesaktiv etter at du fylte 26 år.

 

Kjelde: Uføretrygd, AAP og Rettigheter som ung ufør på nav.no

Mange ber ikkje om hjelp

Saksbehandlarane i JURK fortel dei førre året hadde 270 saker som gjaldt trygd og pensjon. Kvinnene dei hjelper varierer i alder etter kva trygdeyting saka handlar om, men i saker om til dømes «ung ufør-tillegg» er klientane som regel rundt 30 år.

– Når ein ser spesifikt på «ung ufør-tillegg»-saker så har me hatt rundt 50 saker dei siste fem åra. I snitt er det rundt ti saker i året på dette temaet, fortel Waage.

Dei mistenkjer mørketal som følgja av at mange kvinner som er i desse prosessane som ikkje ber om hjelp.

– Me ser jo det at det er ein veldig krevjande prosess å stå i det å klage. Det gjer at eg trur at det er veldig mange som ikkje tek saka vidare, som får eit avslag frå NAV og har tillit til at disse vedtaka er riktig. Det er også mange som ikkje veit ein at ein kan klage, seier Waage.

Må ta omsyn til manglande forsking på typiske kvinnesjukdommar

Saksbehandlarane i JURK fortel at klientane nokre gonger vinn fram med klagene på avslag om «ung ufør-tillegg», fordi NAV forstår at kvinna var sjuk før ho fylde 26 år. Andre gongar ser dei berre på om kvinnene ikkje hadde ein diagnose før denne alderen.

– Det kan vere tilfelle kor det er snakk om til dømes PTSD, endometriose eller ME. Det kan også vere kvinner som er utsett for vald, og som ikkje har kunna arbeida som følgje av det, men fordi dei ikkje har fått ei diagnose på det før etter fylt 26, får dei ikkje «ung ufør-tillegget», forklarar Kløve.

Dei meiner kravet til at dei må vise til ei diagnose for å få desse tillegga er for strengt.

– Det er jo enklare dersom ein har brekt foten, fordi då kan ein seie at den er brekt og ein kan ta eit røntgenbilete av den som bevis, kontra muskelsmerter eller endometriose som kan vere meir vagt, seier Waage.

Difor meiner dei at ein bør ta meir omsyn til at det er manglande forsking på typiske kvinnesjukdommar i vurderinga av trygdeytingar for kvinner.

– Me veit jo også at kjønn har tyding for helse, og at det ikkje er heilt likt for menn og kvinner. Når det er manglande forsking på kvinnehelse så er det manglande kunnskap også i forvaltninga. Me har mange kvinner med eit veldig komplisert sjukdomsbilete, men som kanskje har ei lang historie med vald, psykiske og fysiske smerter, kor det er klart at dei har ei svekka arbeidsevne, men ikkje ei klar diagnose. Då fell dei litt mellom to stolar, utdjupar Ali.

Burde ikkje vore ei utfordring

Saksbehandlarane er alle samde om at dette er ei urettferdig sak som har stor tyding for dei råka.

– Det er svært kritikkverdig at framleis i dag i 2023 så ser ein tilsvarande utfordringar som på 70-talet. Ein skulle trudd at me hadde kome lenge i samfunnsutviklinga og den reelle likestillinga mellom kjønna, uttrykker Waage.

– Me jobbar alle her fordi me bryr oss om likestilling i samfunnet. Me ser kor hardt det går ut over dei om dei ikkje får ein diagnose, og fortset med å kjempe i mange år, og at det til slutt går ut over deira økonomiske situasjon og livet generelt, seier Tuva Jacobsen.

Dei synest det er synd at det er nødvendig for kvinner å kome til JURK for å få hjelp til å skrive ei klage på slike saker.

– NAV har rettleiingsplikt, så eigentleg skulle ein hatt mogelegheita til å kunne gjere alle dei tinga sjølv utan å få juridisk hjelp. Det er ein ganske omfattande prosess å få henta inn all dokumentasjon, og klare å forstå korleis ein skal skrive det slik at NAV skjønar argumentasjonen din, og gir deg det du eigentleg har rett på, meiner Waage.

Breiare forsking på kvinnehelse

Kvinnene meiner det aller viktigaste som må gjerast i lyset av denne problemstillinga er at ein får meir forsking og kunnskap om kvinnesjukdommar.

– NAV må også ha ein praksis som er i tråd med lova, seier Waage.

Ho får støtte frå Thea Myhrer.

– Ein må i større grad ikkje berre sjå på diagnosen, men heller ta ei meir heilskapleg vurdering av symptom og plager. Spesielt når det er snakk om kvinnesjukdommar, for då veit ein at det er så lite forsking på det.

Kvinnene meiner ansvaret ligg hos både NAV, Stortinget og helsevesenet.

– Det er eit ansvar som staten må ta, og kartleggje omfanget av det her. Dersom ein ikkje veit kor stort problemet er, er det også vanskeleg å få gjort noko med det. Det håpar me folk tek tak i no, ved at me sett lys på problemet, avsluttar Waage.

Fungerande seksjonssjef i NAV, Jens Mykland, peikar på at det som hovudregel må liggje ein diagnose til grunn for arbeidsavklaringspengar.

 Men også sjukdomsliknande symptom kan fylle kravet føresegna har til sjukdom. Dette føreset at søkjaren har dokumenterte sjukdomsplager og har vore greidd ut. Legen må ha gjort funn ved undersøking som indikerer sjukdom, og som kan forklare symptom og plagar.

Tilsvar frå fungerande seksjonssjef i NAV, Jens Mykland

Kjenner NAV seg igjen i kritikken som saksbehandlarane i JURK skildrar i innlegget?

NAV er ikkje samd i påstanden frå JURK om at vi opererer med eit ulovleg dokumentasjonskrav. I ytingar som uføretrygd og arbeidsavklaringspengar vil det vere visse krav til dokumentasjon av sjukdomstilstanden.

Bryt de lova slik det står her? Er praksisen dykkar i tråd med lova når det kjem til dokumentasjonskrav?

NAV praktiserer regelverket rett. Beviskravet er alminneleg sannsynsovervekt dersom ikkje lova presiserer noko anna. Kva dokumentasjon som trengst for å møte beviskravet, blir vurdert konkret i kvar enkelt sak.

Når det gjeld ytingar som uføretrygd og arbeidsavklaringspengar, vil det vere visse krav til dokumentasjon av sjukdomstilstanden, og det kan variere ut frå sjukdomstypen.

Beviskravet for den medisinske tilstanden er som nemnd sannsynsovervekt, men vi vil presisere at beviskravet her knyter seg til medisinske kriterium, og vi legg vekt på dokumentasjon som er vitskapleg basert og alminneleg anerkjent i medisinsk praksis.

Vi gjer merksam på at utgreiing av sjukdomstilstanden heng saman med andre vilkår for ytinga. Eksempelvis vil det i uføretrygdsaker vere vanskeleg å ta stilling til om inntektsevna er redusert med minst 50 prosent på grunn av sjukdom utan at sjukdomsbiletet er tilstrekkeleg greidd ut. Tilsvarande er det vanskeleg å vurdere at all formålstenleg behandling er uttømmande prøvd utan at ein veit klart kva ein skal behandle.

Har de strengare dokumentasjonskrav enn det som er lovleg, til dømes i saker som handlar om «ung ufør-tillegg»?

NAV er ikkje samd i denne påstanden. NAV gjer ei heilt konkret vurdering av dokumentasjonsbehovet i kvar enkelt sak.

I saker som handlar om ung ufør-tillegg er det etter regelverket skjerpa krav både til dokumentasjon og til alvorsgrada til sjukdommen. Kva dokumentasjon som må til, vil variere ut frå sjukdommens art. Sidan det er alvoret i den medisinske lidinga som er utgangspunktet for vurderinga, må dokumentasjonen seie noko om kor alvorleg sjukdommen er i det aktuelle tilfellet.

I nokre tilfelle vil ikkje alvoret i sjukdommen vere klart dokumentert med ein gong, til dømes på grunn av manglande objektive funn. Det kan då vere naudsynt med ei lengre observasjonstid for å dokumentere alvoret i sjukdommen. Ein kan støtte dokumentasjonen av sjukdommen ved å leggje fram saka for rådgivande lege.

Er kvinner taparar i Nav-systemet når det kjem til trygdeytingar? Er dette med høgare dokumentasjonskrav på t.d. diagnose noko som rammar kvinner spesielt?

Utgangspunktet er at det i kvar enkelt sak blir gjennomført ei konkret vurdering av korleis sjukdom påverkar inntekts- eller arbeidsevna til den enkelte. Når vi skal vurdere om det ligg føre sjukdom, skal vi leggje til grunn eit sjukdomsomgrep som er vitskapleg basert og alminneleg anerkjent i medisinsk praksis.

Vi gjer likevel merksam på at i uføretrygdsaker er kravet til dokumentasjon, observasjonstid og funksjonsevneskildringar større ved eksklusjonsdiagnosar og uklare sjukdomstilstandar utan kjend årsak. I slike tilfelle kan det vere få objektive funn ved klinisk undersøking. Døme på dette kan vere utmattingstilstandar og muskelsmertesyndrom. Slike tilstandar må derfor bli greidde ut og vurderte breitt. Ved eksklusjonsdiagnosar må ein sjå bort frå andre sjukdommar som kan vere årsak til funksjonsnedsetjinga før ein stiller diagnosen. Dokumentasjonskravet blir ikkje annleis praktisert ved slike sjukdomstilstandar enn elles, men det alminnelege beviskravet blir nødvendigvis blir tyngre og vanskelegare å fylle når sjukdomstilstanden er uklar, utan kjend årsak og gjerne utan objektive funn.

Når det gjeld arbeidsavklaringspengar, så må det som hovudregel liggje føre ein sjukdomsdiagnose, men også sjukdomsliknande symptom kan fylle kravet føresegna har til sjukdom. Dette føreset at søkjaren har dokumenterte sjukdomsplager og har vore greidd ut. Legen må ha gjort funn ved undersøking som indikerer sjukdom, og som kan forklare symptom og plagar.

Vi har ikkje tilgjengeleg statistikk som viser om krav til dokumentasjon av sjukdom rammar kvinner spesielt.

Er rettleiinga og grunninga dykkar tilstrekkeleg når ein person får avslag på søknad om trygdeytingar som til dømes «ung uføre-tillegg»?

Vedtaka frå NAV skal vere tilstrekkeleg grunngitte, og det blir også opplyst om klagetilgang.