Politikk og samfunn

«Viktigare enn nokon gong at me ikkje sluttar å kjempa for fred på ukrainske premissar»

Anita Lund (17)
Styremedlem i Vestre Aker Unge Høgre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Medan me i Noreg kosar oss i romjula, er det uvisst om naboane våre overlever.

Fjerde krigsjul

I ei tid som eigentleg skal fyllast med kjærleik og omsorg, held krigen i Europa fram for fullt.

For ukrainarane blir dette den fjerde jula prega av uro og elende. Og når 2025 nærmar seg slutten, ser det ut til at det vil bli året der Ukraina får minst støtte. Slik kan det ikkje halda fram.

Krigen kvernar vidare, men nokre endringar har skjedd i løpet av året.

I USA kom Trump til makta og valde å trekkja den amerikanske pengestøtta til Ukraina. Dette har fått dramatiske konsekvensar for frontlinja og har gjort det mykje vanskelegare for dei europeiske vennene våre å kjempa mot fienden i aust.

Fredsprat

Men samtidig som kampen har vorte hardare enn nokon gong, har me i det siste høyrt stadig meir snakk om fred. For takka vera ein sterk kampvilje og ukrainske soldatar som aldri har gitt seg, sjølv når det har sett som mørkast ut, har det enorme Russland ikkje oppnådd måla sine. Og sjølv om det blir snakka mykje om forhandlingar og møte om fred, er framgangen ikkje til å merka.

For når ein er sterkt usamde om premissane, er det ikkje lett å komma fram til ein fredsavtale. Så når Trump prøver å få det til å verka som om han enkelt kan løysa konflikten, blir det skapt eit falskt håp. Dessverre blir mange påverka av denne retorikken til å undervurdera behovet for å verkeleg støtta Ukraina.

Så når me snart bikkar inn i endå eit nytt år med ein like ekstrem krig, er det viktigare enn nokon gong at me ikkje sluttar å kjempa for fred i Europa på ukrainske premissar.

Me må stå i mot populistiske retorikarar, og halda fokuset på det som verkeleg skal til for eit fritt og sjølvstendig Ukraina.