Politikk og samfunn

Feministruss: «Ikkje greitt at unge blir ekskluderte, seksualiserte og utsette for overgrep»

Feministruss Jorid T. Kristensen oppmodar folk til å ta eit oppgjer med russetida.

Jorid T. Kristensen
Kampanjeleiar for feministruss
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er ikkje greitt at unge får høyra at dei ikkje får vera med å rulla om dei veg over 60 kg. Det er ikkje greitt at unge får høyra på musikk der det blir sunge «stygge, feite damer får ikkje pikk, ja eg snakkar til deg». Det er ikkje greitt at unge år etter år blir ekskluderte, seksualiserte og utsette for overgrep.

Det er ikkje greitt at me ikkje har ei russetid der alle kjenner seg velkommen og trygge. Russetida burde vera for alle, ikkje berre dei med stort sosialt nettverk og mykje pengar.

Det er på høg tid med endring!

Russ med "Feministruss" på genseren.
Feministrussen etterlyser ei haldningsendring rundt russetida.
quote-left

Me treng ei haldningsendring rundt russetida.

quote-right

Feministruss

Feministruss er ein kampanje som tek eit oppgjer med den kjipe russetida. Me godtek ikkje at noko som eigentleg skulle vera ei stor feiring for alle, har vorte ein popularitetskonkurranse, der dei færraste av oss har sjanse til å delta.

Feministruss er ein kampanje starta av Raud Ungdom, men som fleire organisasjonar har knytt til seg. Det er både politiske og tverrpolitiske organisasjonar som er med på kampanjen. Dei tilslutta organisasjonane er AUF, Grøn Ungdom, Sosialistisk Ungdom, Unge Sentrum, SNU, Humanistisk ungdom, Press og Spire.

Denne breie politiske semja beviser berre at det verkeleg er eit problem med dagens russetid. Det kan ikkje halda fram som det er no.

Ung kvinne i raud og rosa genser med berenett med logoen til Feministruss.
– Russetida burde vera for alle, ikkje berre dei med stort sosialt nettverk og mykje pengar, skriv feministruss Jorid T. Kristensen. Foto: Privat
quote-left

Det er ikkje greitt at unge år etter år blir ekskluderte, seksualiserte og utsette for overgrep.

quote-right

– Det er ikkje ei god nok unnskyldning at det russetid

Me endrar russetida ved å komma med alternative russeknutar som byggjer god kultur. I staden for å få Pornhub-logoen, etter å ha sett på porno i timen utan øyreproppar, oppmodar me folk til å spørja om samtykke, inkludera medruss på fest og merka retusjert reklame.

Me endrar russetida ved å laga eigne spelelister, der ein i staden for å høyra på Tix, Soppgirobygget og Nasjonen syngja om at jenter er horer, overgrep og dop, får høve til å høyra på musikk utan objektivisering.

Og me endrar ikkje minst russetida ved å ta eit oppgjer med ho. Det er på høg tid at me krev betre. Me treng ei haldningsendring rundt russetida. Folk kan ikkje få gjera kva dei vil, og ignorera konsekvensane. Det er ikkje ei god nok unnskyldning at det russetid, når trauma kan følgja folk heile livet. Me kan kvart år lesa om russ som deler om negative hendingar frå russetida. Og det vil ikkje stoppa før me byrjar å aktivt jobba mot den kjipe kulturen som berre har vorte verre og verre for kvart år.

Bli med på å setja ned foten mot seksuell trakassering, kroppspress og ekskludering i russetida, bli feministruss