Tatovering, omsorgsknute og gullkongle – dette er årets 100 russeknutar

Debatt
Publisert
Oppdatert 28.04.2023 16:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Russens Hovudstyre i Oslo har publisert årets russeknutar på sine eigne nettsider. Russen presiserer at knutane skal vera morosame, inkluderande og moglege å gjennomføra, men at alt er på eige ansvar.

I år som i fjor er nokre av russeknutane merkte som ekstreme (). Det gjeld knutane som inneber alkohol, sex eller varige merke på kroppen.

Russeknutar i Oslo 2023:

BOMULLSDOTT

Ta vaksine mot hjernehinnebetennelse.

HJARTE (Omsorgsknuten)

Gjer ei positiv handling for ditt nærmiljø. Her er det berre kreativiteten som set grenser. Sprei glede!

LITA BØSSE

Delta på krafttak mot kreft. (Digitalt blir også godkjent om det finst bevis).

KVITTERINGA

Pant panten etter ein kveld ute. Ein MÅ donere til Røde Kors sitt pantelotteri for at knuten skal vere gyldig.

SEX OG SAMFUNN-STRYKEMERKE

Test deg sjølv for seksuelt overførbare infeksjonar hos Sex og samfunn.

AMNESTY-LOGO

Stryk på «NEI er NEI»-merket frå Amnesty på russebuksa/russedressen.

KJÆRLEIK PÅ PINNE

Del ut russekort på ei barneavdeling i edru tilstand. Husk å spørje om lov!

KVITTERINGA

Kjøp mat til ein som treng det <3

LOGO TIL ORGANISASJONEN

Arrangerer et gateshow, kakesal eller liknande. Doner profitten til ein valfri velgjerande organisasjon.

ROSE

Gje ei rose til ein framand du synest er attraktiv.

SPRITKORK

Bruk ei tom spritflaske som drikkeflaske ein heil skuledag.

ØLKORK ❌

Drikk ei kasse 0,33-liter øl/cider på 24 timar.

SUGERØYR

Drikk ein halvliter medan du sit/står og tissar.

DRATAPP ❌

Beer mile – springe fire rundar rundt ein friidrettsbane og chugge cider/ein øl (0.33l) for kvar runde.

ETIKETTEN

Drikk ein øl/cider på 0,33-liter utan hender eller assistanse.

BIT AV SKILTET

Sit saman med andre medruss i ei rundkøyring og ha eit skilt der det står: «Ein tut, ein skål!».

STOPPEKLOKKE

Drikk ein halvliter øl/cider på ti sekund.

TAMPONG

Putt to tampongar i munnvika og drikk ein halvliter øl/cider.

SOLOKORK

Ver edru gjennom heile russetida.

BRØDSKORPE

Gå med brød som sko ein heil skuledag.

NOTE

Syng nasjonalsongen på Slottsplassen (minst to medruss må vere med.)

TEIP-ELLER TAU-BIT

Gå bunde eller teipa saman to og to ein heil skuledag, både armar og bein.

KRIT

Hald tale om di siste seksuelle oppleving framfor klassen.

SMOKK

Ver aktiv ein heil førsteklassetime.

TRUSE

Sitje ein heil skuletime berre iført undertøy.

BADEAND ❌

Bade to og to i ei balje framfor skulen. Hugs å skrubbe kvarandre.

BIT AV ISPAPIR/LOKK

Et to liter is i løpet av ein skuletime.

NAMNELAPP

Lat som om du har minnetap ein heil skuledag.

VASSBALLONG

Arrangerer vasskrig i friminuttet. (Ute).

EIT KAKELYS

Ver på skulen kvar dag i russetida.

RINGEN

Fri til ein medruss under ein skuletime.

KJÆRLEIKENS RING

Arrangerer bryllaup i kantina med medrussen du fridde til. Hugs kysset ;). (Minst 5 russ må vere til stades)

PLASTKOPP

Arrangerer beerpong-turnering i friminuttet med drikke frå kantina.

ROSEBLAD

Romantisk date med ein som ikkje er russ i kantina på skulen i storefri (med blomar og stearinlys).

LITEN BLOME

Ha seksualundervisning for ein førsteklasse der du demonstrerer rørslene i praksis.

VISKELÊR

Kidnapp pulten til ein førsteklassing iført buff og briller.

EINKRONING

Betal ei vare i kantina med berre einkroningar.

BILETE AV AKTIVITETEN

Arrangerer noko sosialt for klassen din i russetida.

KVIST FRÅ HAGEN

Sov i telt i hagen til ein lærer.

AUTOGRAF FRÅ LÆRAREN

Lån bort russelua di til ein lærar ein heil skuletime.

RAUD PENN

Før logg frå ein sein kveld i russetida og lever han til norsklæraren for retting.

LINJAL

Inviter ein lærar ut på ein kveld med russen.

GUL POST-IT MED REKTORS SIGNATUR

Inviter rektor på rulling.

KNUTE PÅ LUETRÅDEN ❌

48 timar utan søvn (172 800 sekund)

ISPINNE

Bad utandørs før 1. mai.

MONOPOLSETEL

Ha ein fem minutts poledance på ein stolpe/stong på eit kollektivt transportmiddel i rushtida.

GODTERIBURGAR

Et ein cheeseburgar på ein bit.

«L»

Set ein «L» (for øvingskøyring) bakpå ein offentleg tenestebil.

BLÅ PENN

Få signaturen til ein i Russens Hovudstyre på brystet.

LEGOFIGUR

Lat som du er ei utstillingsdokke i et butikkvindauge i minst 5 minutt.

BILETE AV KONGEFAMILIEN

Ak ned slottstrappa på eit akebrett.

NOTE PÅ DRESSEN

Start allsong på kollektivtransport.

DITT EIGE RUSSEKORT

Spør ein medruss om å få russekort og et det framfor dei.

GULLKORT

Få med deg ein i Russens Hovudstyre på rulling.

SOLBRILLER

Lat som du er kjendis og be 10 personar google deg. (Ikkje medruss).

SIGNATUREN TIL DEN FRAMANDE

Overtyd ein framand om at de kjenner kvarandre.

EIN «GIFTERING»

Set statusen din på Facebook til «forlova» i 24 timar.

BILETE AV KJÆRASTEN

Ha kjærast gjennom heile russetida.

HAPPYMEAL-LEIKE

Køyr gjennom ein drive-through med ei handlevogn (som blir levert tilbake) og kjøp eit måltid.

SKOLISSE

Krabb frå Stortinget til Slottet.

BARBERHØVEL (UTAN BLAD)

Lat alt hår gro fritt gjennom heile russetida.

FISKEGODTERI

Ta eit morgonbad i ei fontene.

CHAMPAGNEGLAS I PLAST

Reis deg kvart tiande minutt i ein skuletime og rop «skål»

REFLEKS

Ha radarkontroll med hårfønar og refleksvest i 50-sona.

SIGNERT ØLKORK

Skjenk nokon i Russens Hovudstyre.

TUSJEN

Lat ein medruss teikne deg i ansiktet og gå slik resten av dagen.

HÅRLOKK

Lat ein medruss klippe deg.

ROSA FJÆR

Klin med ein russ av same kjønn.

TALET 69 I BREMMEN

Denne kan du gjette deg fram til;)

KONGLE

Ha sikker sex utandørs.

GULL-KONGLE ❌

Ha sikker sex i eit tre.

STJERNE I BREMMEN PÅ RUSSELUA

Ha sikker sex i løpet av russetida.

CHAMPAGNEKORK ❌

Ha sikker sex med ein medlem av Russens Hovudstyre.

KVIT CHAMPAGNEKORK❌

Ha sikker sex med presidenten i Russens Hovudstyre.

LEIKEBRANNBIL

Ha sikker sex under menstruasjon/med nokon som har det.

BLYANT ❌

Ha sikker sex på skuleområdet.

SIKRINGSNÅL

Spør mora til ein medruss om sextips.

UOPNA KONDOM ❌

Ikkje ha sex gjennom heile russetida.

KONDOMPAKKE

Kjøp ei pakke kondom berre ved hjelp av kroppsspråk.

PØLSEPAPIR

Kjøp ei pakke kondom på ein bensinstasjon. Gå inn på toalettet med ein medruss og kom ut etter 5 minutt og sjå kjempenøgd ut.

LOKK FRÅ SMØRBOKS

Kjøp ei pakke smør og spør dei tilsette om det funkar som glidemiddel.

EMBALLASJEN

Krabb inn i ein matvarebutikk og kjøp øl/sider. Om du ikkje når ølet/sideren må du be om hjelp frå ein du ikkje kjenner.

NAKENBILETE

Kjøp eit pornoblad på ein bensinstasjon. Kom tilbake 20 minutt seinare og klag på at bladet ikkje oppfylte fantasiane dine.

KVIKKLUNSJ-PAPIR

Handle på vinmonopolet med tursekk, ski og stavar på.

EIN LEPPEPOMADE

Få signaturen og snappen til 10 personar du har klint med.

PROPELL

Spring gjennom skulegarden til ein barneskule når de har friminutt utan å dele ut eit einaste russekort.

RUSSEKORTET

Svindle til deg eit russekort frå eit barn.

BILETE AV JIM CARREY ❌

Sei ja til alt nokon seier eller spør deg om ein heil dag. (Gjeld ikkje seksuell kontakt).

RINGEKLOKKE

Ring på 10 tilfeldige husstandar og spør pent om dei vil vere med ut og rulle.

SIGARETTEN

Spør nokon om å bomme ein røyk. Knekk han så framfor dei og spør om ein til.

SNUSEMBALLASJE ❌

Ha same snusen i leppa i 6 timar.

RAUD KNAPP

Alltid ha på russedressen når du er på ein offentleg stad.

BILETE AV BARNEY STINSON

Ver wingman/woman for ein medruss. (Får berre knuten om det blir vellukka).

SIGNERT KVITTERING

Spander nattmat på ein medlem av Russens Hovudstyre.

PROPP I LUA
Bruk alltid øyreproppar på rulling og russetreff.

1881-LOGO

Ring opplysninga 1881 og be dei gå inn på russenshovedstyre.wixsite.com/2022/russeknuter for å tilrå deg 5 russeknutar. Gjennomfør minst 3 av dei 5 tilrådde knutane.

GULLKNUTE

Ta 15 knutar på 24 timar.

TATOVERINGA ❌ ❌ ❌

Tatover «RT23» ein stad på kroppen. (NB! Eige ansvar. Tenk deg om!)

VASKE-INSTRUKSEN TIL DRESSEN

Ikkje vask russedressen gjennom heile russetida.

NAMN PÅ RUSSELUA

Gjennomfør russedåp med dine medruss.


Retningslinjer for russeknutar i Oslo:

  • Sexknutar kan berre gjennomførast om alle partar har gitt medvite samtykke og det vert gjort på ein sikker måte. Vi oppmodar til at desse knutane blir gjennomførte med ein fast sexpartnar/kjærast.

  • Gjennomføring av knutar som involverer andre personar må godkjennast av alle partar. ​​​

  • Knutane som inneheld alkohol, kan også gjennomførast alkoholfritt.

  • Minst to medruss eller ein medlem av Russens Hovudstyre eller ditt lokale russestyre, må vere vitne til at knutane blir gjennomført for å kunne få dei godkjente. Med unntak av knutane som inneber seksuell aktivitet, desse skal ikkje vitnast eller dokumenterast.

  • Merket til gjennomførte knutar må skaffast og knytast til lua sjølv.

  • Knutar skal ikkje gjennomførast med alkohol sterkare enn 22 %.

  • Alle knutane er 100 prosent frivillige og vert gjort på eige ansvar. Knutane er til for å ha det gøy, ikkje presse nokon til noko dei ikkje ønskjer.