Prinsesse Ingrid Alexandra med helsing til russen: – Håpar at alle får ei amazing russetid

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Ingrid Alexandra går no siste året på Elvebakken vidaregåande skule i Oslo.

Slottet offentleggjorde fredag bilete av prinsesse Ingrid Alexandra i russeklede. Samstundes kom ho med ei helsing til årets russ.

– Kjære russ. I Noreg har vi ein spesiell avgangstradisjon, nemleg russetida. I denne tida feirar vi at vi er ferdige med 13 års skulegang. Russetida er ofte assosiert med fest og fanteri – men det handlar også om samhald, om å feire saman med venner og medelevar, skriv prinsessa.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Det Norske Kongehuset (@detnorskekongehus)

Ho minner òg om at det er viktig å hugse på dei som har opplevd mobbing, utestenging eller som ikkje har fullført vidaregåande.

Ho peikar på at det ikkje er for seint å bli kjent med nye menneske.

– Eg håpar at alle får ei amazing russetid, hugs å passe på kvarandre, skriv ho.

Klassebilete av prinsesse Ingrid Alexandra og medelevane. Alle har på raud russedress.

Her er prinsesse Ingrid Alexandra saman med klassa si ved Elvebakken Vgs. Foto: Øivind Möller Bakken, Det kongelege hoff


Kollasj av ymist ting som høyrer til knutane, inkludert øl, russebukse, pantelapp osv.

Foto: A. Davey via Flickr (CC BY-NC-ND 2.0), Kjetil Ree, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons, Cristian Ruiz via Unsplash, Lanju Fotografie via Unsplash, Reka Roman via Unsplash, Aleksandra Tanasiienko via Unsplash, Marcelo Leal via Unsplash, Maria Lin Kim via Unsplash og charlesdeluvio via Unsplash