«Aldersgrense på 16: Flott symbolpolitikk, null effekt!»
Kven trur Støre at han er, som skal innskrenke foreldra sin rett til sjølve å tillate kva appar barna skal ha tilgang til? spør Hanne Frøyland og Vilde Sofie Fjørtoft i FpU.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Fredag 24. april sleppte regjeringa bomba: Det skal innførast aldersgrense på sosiale medium. Igjen viser Støre og regjeringa at viktige saker som drift av sjukehus og politi blir sette til side, slik at Støre kan leike tante Sofie og fortelje ungdom kva dei ikkje kan gjere.
Heile nettverket
Problemet er at konsekvensane av eit absolutt forbod som ei aldersgrense vil gi, er for store for unge menneske. Vi ser i dag at mange – om ikkje alle – unge har heile nettverket sitt via sosiale medium. Det er der ein samarbeider om skulearbeid, planlegg å vere saman – og sist, men ikkje minst: Det er der ein held kontakten med kvarandre.
Vi er einige med Støre i at vi må ta mobbing og utanforskap på alvor – mykje av det skjer jo på sosiale medium. Men ei aldersgrense på 16 år løyser ikkje problemet. Mobbinga vil berre flytte seg til skulegarden, treningar eller andre appar.
Den eigentlege løysinga er haldningsarbeid i skulen, at foreldre tek meir ansvar for barna sine, og at det blir tydelegare konsekvensar for dei som mobbar. Det byggjer varige haldningar og verkar på sikt. Eit forbod gir kanskje ei rask kjensle av at noko blir gjort, men mobbing forsvinn ikkje av å stenge éi dør.
Ytringsfridom
Eit anna viktig argument mot ei 16-årsgrense er ytringsfridomen. Unge menneske har òg rett til å ytre seg, og mange ønskjer å gjere dette i sosiale medium. Eit forbod vil difor innskrenke unge menneske sin rett til å ytre meiningane sine. Som ungdomspolitikarar møter vi dagleg unge under 16 år som bruker sosiale medium både for å følgje med i samfunnsdebatten og for å ytre seg. Dette er ein grunnleggjande rett i demokratiet vårt.
Australia har allereie innført ei aldersgrense på sosiale medium, men det australske datatilsynet ser at ein stor del unge menneske framleis er aktive. Heile 7 av 10 unge som hadde konto før forbodet, har framleis aktive kontoar.
Utan reell handheving får tiltaket avgrensa effekt, og vi trur neppe at Noreg vil finne ei så sterk ordning at ungdomane våre ikkje finn ein veg rundt. Vi ser jo allereie at dagens 13-årsgrense blir oversett, og at foreldre i stor grad tillèt at barn får sosiale medium i tidlegare alder.
Kven trur Støre at han er, som skal innskrenke foreldra sin rett til sjølve å tillate kva appar barna skal ha tilgang til?
Viktig kompetanse
Digital kompetanse er òg viktig i dagens samfunn. Unge kan miste mykje av læringa i digital kompetanse dersom dei ikkje blir utsette for faktisk bruk og får høve til å reflektere. Dersom ein skal stenge ute unge frå sosiale medium, mistar ein òg ein arena for å lære kritisk tenking, kjeldekritikk og skilnaden på sant og usant. Å skjerme unge menneske vil gi ein brutal overgang den dagen dei får tilgang til sosiale medium.
Dette handlar òg om ansvar. Kven har ansvaret for god oppseding? Er det Jonas Gahr Støre, eller foreldra? Vi meiner det er foreldra som kjenner ungane sine best og kan setje grenser for dei. Det skal ikkje vere nødvendig at regjeringa grip inn i kvardagen til alle barn og unge under 16 år.






