Klima og miljø

«Det er krise for nynorsken i lærarutdanningane»

«Eg er skuffa, men ikkje overraska. Institusjonane og styresmaktene har svikta», skriv leiar i Målungdommen, Tobias Christensen Eikeland om den nye rapporten frå Språkrådet.

Tobias Christensen Eikeland (23)
Leiar i Norsk Målungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For at lærarar skal kunna drive opplæring i og på nynorsk, må dei ha kompetanse nok i det. For at dei skal få det, må lærarstudentane bli trygge i å undervise i og på nynorsk i løpet av studiet sitt.

Denne veka lanserte Språkrådet ein rapport om norsk, særleg nynorsk, i lærarutdanningane. Rapporten, som vart utarbeidd av Nynorsksenteret, syner at dette ikkje skjer i praksis, noko som betyr at elevane får dårlegare nynorskopplæring enn det dei har krav på.

Eg er skuffa, men ikkje overraska. Institusjonane og styresmaktene har svikta. Det er derimot mange tiltak som kan gjerast for at lærarstudentane får opplæringa som trengst for å gje elevane den opplæringa dei fortener.

Mange utdanningar forventar at studentane meistrer båe skriftspråka når dei kjem frå vidaregåande, og gjev difor ikkje opplæring i sidemålet til studentane. Men realiteten er at mange ikkje kan nynorsk godt nok.

quote-left

Utdanningsinstitusjonane som utdannar lærarane, har ansvaret for at studentane har kompetansen dei treng til å kunna verke i profesjonen sin. Rapporten syner at dei ikkje har teke ansvaret sitt

quote-right

Når studentane då ikkje får noko meir opplæring i det, fører det til at mange lærarar ikkje meistrer nynorsk. Difor må alle som skal bli lærarar, uansett utdanningsform, få god nok opplæring i både bokmål og nynorsk, og norsk bør vera eit obligatorisk fag for grunnskulelærarutdanninga 5.–10. trinn.

Utdanningsinstitusjonane som utdannar lærarane, har ansvaret for at studentane har kompetansen dei treng til å kunna verke i profesjonen sin. Rapporten syner at dei ikkje har teke ansvaret sitt. Difor vil det ein stor feil å gje institusjonane endå meir handlingsrom på dette feltet enn i dag.

Det må stå i rammeplanen for alle lærar- og lektorutdanningane at studentane må kunna bruke både bokmål og nynorsk i profesjonen sin.

Det er problematisk at studentane ikkje blir vurdert godt nok i nynorsk. For å sikre at studentane har god nok kompetanse i båe skriftspråka må studentane bli vurdert i nynorsk på same måte som på bokmål, og kompetansen i både bokmål og nynorsk må komma fram på vitnemålet.

I fjor fekk me ei ny språklov. Ho sleg fast at det offentlege har eit særskilt ansvar for å fremja nynorsk. Dette ansvaret er særleg viktig for utdanningssektoren, som er med på å forme dei kommande elevane og lærarane. Det er avgjerande at styresmaktene og utdanningsinstitusjonane tek dette ansvaret for å sikre stoda til nynorsken i opplæringa.