«Når vi lèt splitting forme oss, lèt vi hatet gro»
Vi treng ikkje å vere samde for å vise kvarandre respekt. Og vi treng ikkje å gje slepp på våre eigne verdiar for å prøve å forstå andre sine, skriv Hedda Riddervold.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Å vere usamde er ein naturleg del av livet. Vi har ulike verdiar, erfaringar, meiningar og måtar å sjå verda på. Det er nettopp det som gjer oss til menneske. Men det er ein skilnad på å vere usamde og å la usemja utvikle seg til polarisering.
Polarisering handlar ikkje berre om at vi meiner ulike ting. Det handlar om at vi byrjar å tenkje så negativt om dei som står på den andre sida, at vi til slutt sluttar å lytte. Vi sluttar å vere nysgjerrige på kvifor andre meiner det dei gjer, og byrjar heller å sjå på dei som motstandarar.
Ein samtale krev to menneske
Eg forstår at det finst meiningar som kan vere så provoserande, sårande eller uakseptable at ein får lyst til å lukke øyra. Det finst òg haldningar vi aldri skal måtte akseptere. Men vi må likevel stille oss spørsmålet:
Korleis skal vi nokon gong forstå kvifor andre tenkjer som dei gjer, dersom vi sluttar å snakke med kvarandre?
Ein samtale krev trass alt minst to menneske.
Oss mot dei
Etter dei siste hendingane i USA byrja eg å tenkje tilbake på valet i Noreg og korleis også vi lét oss rive med av polariseringa. Korleis vi slutta å lytte til kvarandre. Korleis debatten i stadig større grad vart eit spørsmål om raudt mot blått, oss mot dei.
Det verka som om meiningane på den andre sida vart for tunge å bere, anten det gjaldt LHBT-rettar, abort eller innvandring. Men lytta vi eigentleg til kvarandre? Eller var vi så opptekne av å forsvare vår eigen ståstad at vi gløymde å prøve å forstå andre?
Når vi driv kvarandre frå kvarandre, skaper vi ikkje løysingar. Vi skaper avstand. Og når avstanden veks, får fordommar og hat stadig betre grobotn.
Skilje mellom menneske og meiningar
Det er vanskeleg å snakke med nokon når dei vil ta frå deg generelle menneskerettar, og sjølvsagt finst det meiningar eg aldri kjem til å kunne akseptere. Men det betyr ikkje at eg må slutte å bry meg om menneska som har dei. Vi må klare å skilje mellom det å vere glad i eit menneske og det å vere samd i alt dette mennesket meiner.
For dersom vi sluttar å snakke saman kvar gong vi er usamde, bidreg vi berre til å forsterke den splittinga samfunnet allereie er prega av.
Nokre gonger må vi faktisk klare å lytte, også når det er vanskeleg. Ikkje nødvendigvis for å bli overtydde, men fordi det kan hende at den andre har noko viktig å kome med. Kanskje kan vi lære noko. Kanskje kan vi utfordre våre eigne tankar. Og kanskje kan vi til og med få kvarandre til å sjå verda frå eit nytt perspektiv.
Vi må lytte
Eg ønskjer ikkje å leve i eit samfunn der vi set kvarandre opp mot kvarandre, der raudt alltid må stå mot blått, og der usemje automatisk blir til fiendskap.
Ein sakleg og open debatt kan føre oss mykje lenger enn ein krangel der målet berre er å vinne. Det krev at vi torer å lytte, at vi er villige til å stille spørsmål, og at vi også er opne for at vi sjølve kan ta feil.
Vi treng ikkje å meine det same for å kunne byggje noko saman. Vi treng ikkje å vere samde for å vise kvarandre respekt. Og vi treng ikkje å gje slepp på våre eigne verdiar for å prøve å forstå andre sine.
For dersom vi klarer å snakke saman, sjølv når meiningane våre er ulike, har vi i det minste ei moglegheit til å føre samfunnet i ei betre retning.
Ikkje berre raud og blå
Eg ønskjer ikkje å leve i ei verd der hatet får styre meir enn kjærleiken. Der splittinga blir viktigare enn fellesskapen, og der vi gløymer at vi først og fremst er menneske, ikkje berre raude eller blå.
For når vi lèt splittinga forme oss, lèt vi også hatet gro.






